San Francisco er den vakraste byen eg har vore i. Den har havn, sjokoladefabrikken Ghirardelli, fantastisk bybane og ikkje minst brua Golden Gate Bridge! Heilt utmerka, i tillegg til utsikt til Alcatraz, så er denne byen så koseleg at kven som helst kan ha leva eit liv med berre gode dagar der. Eg trivdest der med andre ord!
| Las Vegas |
Las Vegas derimot, eg byrjar å bli lei denne byen. Har vore der to gongar, og det er sjølvsagt kult å vera der, men Las Vegas er, unskuld uttrykket, som ei stygg hora, berre fin om natta! Denne byen er det styggaste av alle ting i løpet av dagen, og om natta er lysa og hotella fantastisk å sjå på, sjølv om eg er for ung til å bruke nokon slantar der.
| Sentrum LV |
Denne helga hadde eg som sagt tidlegare ein fotballcup. Me kom på fjerdeplass, men sidan eg var sjuk spelte eg berre to av fira kampar, men eg scorte 1 mål.