fredag 30. desember 2011

Litt snø!




Då har eg faktisk hatt opplevelsen med å stå på snowboard her i Arizona! Me dro opp til Flagstaff (studentby) og sto på snowboard der ein dag. Høgden var på heile 11200 feet (3400 meter) kor det blåste noko heftig! Etter kvart var eg trøtt og lei, så me tusla heim etter 6 timar i trekket, kor det var minst fem store heisar, men sidan det var lenge sidan sist gang det snødde, så var det ingen puddersnø og nokon ispartier. På turen heim stoppa me med ein rasteplass, kor utsikten er til å sikle av! Som dykk kan sjå, ein u-dal ved mi venstre skulder.


I natt blei me tulla med, og me fekk uendeleg med toalettpapir over heile huset! Sidan hundane var inne for natta og me i Flagstaff, så var det ingen som oppdaga dei. Men, har mistanke om at nokre kompisar av meg og Ben har vore på ferde. Dei skal få tilbake ein vakker dag! Desse folka gjorde faktisk den beste jobben eg har sett her nede, angåande toalettrulltull! Meget bra utført!

Etter me kom heim og hadde rydda opp all rotet, så var det å slappe av nokon timar før eg dro til Phoenix Zoo kor dei hadde lysshow, med blandt anna mange dyr utstilt i fargar (skjønar kva eg meinar). Dette var veldig kjekt å få opplevd. I tillegg såg eg kamelar, oterar og flamingoar i aksjon!

tysdag 27. desember 2011

Jula!

Denne jula har vore ein heil spesiell jul for meg. Tenk, første jul utan mamma og pappa og resten av familien til stades! Men, eg har feira jul med ein familie eg møtte for fyrste gong 10. august! SPRØTT! Ein anna spesiell ting er at eg ikkje har hatt på meg dressen ein einaste gong! Hadde på meg skjorta to av dagane, og følte meg spesiell sidan dei andre berre hadde på seg daglegdagse klede. Noko anna er også det at ein ikkje feirar første og andre og tredje juledag slik eg er vane med.

Vertsfamilien eg bor hos spurte meg sjølvsagt om kva juletradisjonar eg er vane med i jula, og eg fekk derfor oppgåva om å lage graut den 24. desember. Medan eg lagte grauten, "skypa" eg med familien heime som sang fine julesangar til meg. Det var ein kjekk opplevelse! Ein vennefamilie har svenske aner, så dei laga eit rosinbrød til meg som lukta og smaka som det sjåast og bør!




Sidan den eine systera til vertsmora mi er noko som liknar på ein vegetarianar (liknar, fordi ho ikkje kan ha noko som helst frå dyr), så lagte eg ein porsjon graut med soyamelk. Den blei nokså lik, berre litt gulare og søtare i smaken!



Natt til 25. desember sov me i stua for å vente på julenissen. Det er ein tradisjon familien her har. Jommen meg kom nissen, og eg fekk mange kjekke gaver, også frå Noreg!


Ei har eg heller ikkje vore i kyrkja denne jula, så julestemning har det heller vore lite av!


Håpar alle har hatt ei fin julehøgtid, og insett fakta at ein har alt for mange saker og ting å vera takknemlege for!

torsdag 22. desember 2011

Juleferie!

Endeleg har eg fått meg juleferie her borte, noko som føles godt for kroppen! Tenk, no har eg vore i USA i rundt fira og ein halv månad. Det er faktisk ganske lenge det! Eg har forbedra meg "kolosalt" i engelsk på denne tida, noko eg fann ut då eg skreiv ein tresider bokrapport og vertsfaren min berre retta fira setningar!!

Elles blei eg "Atlethe of the Month" på Greenway i desember grunna fotballen. Har også no klart å droppa tyskklassen min (sjølv om eg hadde ein "A", så var me tre nivå i ein klasse, som resulterte i berre tull) til fordel for vektsløftingsklassen!

Sjølv om det er juletid, så føler eg ikkje at eg har julestemninga over meg. Kanskje det har noko med at det ikkje er dei normale gjøremåla eg går igjennom no i desse tider, men feiring av Jesusbarnet skal det no bli for det om!

Merry Christmas Everybody!

søndag 18. desember 2011

Outfit og juleshopping!

Denne søndagen var det tid for shopping. Butikkane er ikkje stengte pga. søndag i Amerika. På kjøpesenteret var det som vanleg stappa med folk. Me klarte heldigvis å skaffa oss ein parkeringsplass ganske så kjapt og gjekk inn på kjøpesenteret. Det var juleshopping for dei fleste der, inkludert meg sjølv. Sidan eg først var på shopping så tenkte eg at det var på sin plass at eg kjøpte noko til meg sjølv også, for eg har ikkje kjøpt så veldig masse klær her. Det resulterte i ein herlig og god bomullsgenser og eit sett øyeproppar til den komande iPoden eg tenkjer å kjøpa meg. Tenkjer det blir kjekkare med den enn med ein iPad.

Vel, no er det utruleg nok berre nokon få dagar igjen til julafta, det kjem til å bli spennande!

Potetlefser/potetkaker!?

Heisann! No har det seg slik at vertsfaren min er assisterande rektor på to skular. På grunn av dette, er han sjølvsagt i kontakt med mange lærarar. Den eine læraren på den eine skulen er vist gift med ein nordmann, noko i den duren, og deiras norske juletradisjon er å bake desse potetlefsene/potetkakene. Sidan vertsfaren min sjølvsagt nemnte meg i den slengen, så baka ho nokon til meg også, og sjølvsagt smakte det! I tillegg har mamma sendt nokon andre norske julekaker som var perfekt i smak, namnam i USA!

Så var spørsmålet, potetkaker eller potetlefser...? (Sjølv om det står lefser på biletet, så er det ikkje lefser, det er enten potetkaker eller potetlefser, om det er ein forskjell...)

onsdag 14. desember 2011

Jabbadabbadooo!

I dag hadde me ein kamp mot eit lag som berre hadde amerikanerar (les kvite, untatt ein) på laget. Det var rett og slett eit lite sjokk, men det er eit dyrt nabolag å bo i, fortalde medspelarane mine. Me gjekk overraskande opp i leiinga, mot eit veldig teknisk lag. Etter kvart var det berre ein veg ballen gjekk, og det var mot oss. Etter langt og lenge, og lengre enn langt, så tok den andre kapteinen på laget (eg er kaptein også) ein dum takling som førte til straffespark. Det gjorde kampen til ein uavgjort kamp, og eg rusla av banen, klar til å dra heim. Fekk forresten eit gult kort i denne kampen også... Sprang ned ein fyr på ein overgang (kontring) han hadde. Trenaren min starta å snakka når eg var kome av banen; Håpar du er klar for dei to ganger ti ekstra minutta! Ja, her må det kårast ein vinnar i kvar kamp i sesongen. Me kjempa oss gjennom ekstraomgangane og det bar til straffekonk. Der enda eg opp med å scora på min, etter å ha lurt keeperen trill rundt, til den andre sida av målet. Me vann 4-3 på straffekonk, og er for tida ubeseira med 4-0 i kampar!!

Go Greenway High School, the Home of Demons!

tysdag 13. desember 2011

Slappings avings!

For ein herleg tysdag! Kan ikkje tenka sist gang eg hadde ein tysdag kor eg kunne slappa heilt av. Minuset er at eg har vondt i rompa. Det er på grunn av at eg fekk eit hoftebein inn i den eine rumpeballen og eit kne i den andre i løpet av fotballkampen som var på mandag. Sidan det har seg slik at det regnar her i Phoenix (ja, utruleg nok!), så blei fotballkampen avlyst i dag, dei er livredde regn her, spesielt når det har regna to dagar på rad!
Mandag vann med 2-0 i ein kamp kor me utspelte motstandaren våras. At det var vestlandskvær periodar av kampen gjorde kampen til ein nytelse. Hadde me scort på sjansene våras, kunne me hatt i alle fall tre fleire mål. Eg hadde blandt anna ein i tverrlegaren på ein corner.
På skulen i dag hadde me ein CRT i biologien, noko som avgjer 20% av karakteren din i faget, noko eg valde og ikkje studera til, sidan eg er midt på treet i karakteren eg har. Sidan det er fleirvalg på testane her, gjekk også denne testen ganske så greitt! I morgon er det ein lang dag, men heldigvis får eg såva inn litt.

Tiddelibom, har forresten fiksa kommentarinnstillingen, så nå kan kven som helst kommentera, tiddelibom!

søndag 11. desember 2011

Mandag i vente!


Helga har spasert forbi ganske kjapt, som vanleg. På utvekslingsselskapet laga eg som sagt ris, og den var reven bort ganske så kjapt skal eg seia deg. Til og med dei andre nordmenna, dansken og svensken sa at den var toppers (litt stolt augeblikk!). Det var kjekt å treffe gamle kjente igjen, og dette var faktisk andre helga på rad eg snakka norsk, fjes til fjes! Elles så var det ei jenta frå Tyskland som utruleg nok spurte oss nordmenn om alle er blonde i Noreg... Me svara ja i kor, og ho var rimeleg sjokkert! Då det har seg slik at ein har blitt spurt det spørsmålet så mange gangar, klarar ein til slutt ikkje å svara høfleg tilbake.



No har det seg slik at eg har fotballkampar både mandag, tysdag og onsdag, og alle er bortekampar (bilete er frå ein heimekamp kor eg slakta denne spelaren så mange gangar at han til slutt skubba hovudet mitt ned mot bakken etter nok ein takling...)! Det vil seia, eg må dra frå skulen klokka 3 for å sjå på JV spela klokka 4 (b-laget), for og så spela sjølv klokka 6. Dette blir travle dagar, med tanke på at eg har finale eksamen (får eg 85% eller meir på den, slepper eg å ta den siste eksamenen)!

Piece out! Tulla, meinte Peace out!

torsdag 8. desember 2011

Helg i vente!

Det er fredag, og snart helg! Denne halga skal eg på ein samankomst saman med andre utvekslingsstudentar frå organisasjonen eg er med, noko eg ser fram til! Eg skal no prøva å laga graut frå botn av, resultatet kan bli spennande, men ein sterk 5'ar i mat og helse for 3 år sida skal no fikse det. ;)

tysdag 6. desember 2011

Fotballkampar!

Denne veka er det fotballkampar kvar einaste dag, visst me vinner i morgon, vel og merka! På mandag vann me 3-2 over ein meksikansk skule. I dag tapte me 3-2 mot ein anna skule, som også hadde minst 17 av 18 meksikanerar på laget. Det var ein hard kamp, kor me rota det til med to sjappe baklengsmål, men me vann andreomgangen 1-0, noko å ta med seg. I tillegg var det to raude kort, ein til den andre kapteinen på laget, og til ein på det andre laget. Det var rett før det blei ein lagslåsskamp, hadde vore heftig å fått med seg! Elles så var den eine spissen veldig irritert på meg og kalla meg "European bitch!" Vel, eg fortsatte å messa med han, og han sa nokre andre ting, men då svarte eg "Bring it on," og gjekk i mot han, men han feiga ut!

Dagane er lange denne veka med kampar som er slutt klokka ti og med skule klokka sju, tre av dagane. Heldigvis er det onsdag i morgon, og eg kan sove inn til 7:30, heldige meg!

søndag 4. desember 2011

2. søndag i advent kom brått på!

Tenk, allereie er det berre nokre timar til 5. desember. Tida går som det susar etter, og jula er nær. I USA er det normalt å sette opp juletreet og julepynt dagen etter Thanksgiving. Veldig spesielt for ein nordmann som er vane med å få det opp litle julafta! Til og med her i Phoenix byrjar det å bli kaldt. Natt til torsdag meldes det om at det skal bli nære null om natta. På laurdag så var eg no fortsatt ute i shorts og t-skjorta, så det er ikkje så kaldt midt på dagen!


På laurdag var eg på ein liten samankomst med andre utvekslingsstudentar, noko som var veldig artig. Traff blandt anna ei tromsøværing, ja, her i Phoenix. Elles var det folk frå Argentina, Belgia, Frankrike, Sveits og Danmark i tillegg til nokre andre land også! Her bringte folk med seg mat frå landet sitt. Nordmannen som hadde hushaldet, hadde laga risengrynsgraut og vafler! Eg tok meg i alle fall ein STOR porsjon med det, i tillegg som eg fekk konstatera at eg ikkje like så alt for godt japansk mat (snakke om ei risenbolla med ei skikkeleg sur (men lita) plumme inni. Huff av meg!), men det får no berre vera på den måten.

Elles har eg fotballcup på mandag, tirsdag og onsdag med kamp kl 8 begge kveldane, noko som skal bli kjekt! Eg storkosar meg!!

PS! Prøvde å laga litt julestemning på bloggen, kva tenkjer dykk om det?