tysdag 30. august 2011

Løp!



Hallaisen! Skal ha mitt første løp i morgon, nærare bestemt Prescott. Dette gjer at eg må skulka to timar på skulen, for det tek nemleg to timar å køyra til Prescott! Skal bli spennande, og i anledninga sesongstart, har eg sjølvsagt fått min eigen, men ganske liten, drakt! Ha ein strålande dag, med sol, slik som meg. :)

måndag 29. august 2011

Gøy med det meste!

Hei, no har eg bestilt profesjonelle sko til å springa i! Første seriøse stemne er på onsdag, men eg får ikkje skoa før på fredag...




Ellers har eg vore her i snart tre veker, og enda har eg ikkje vore på McDonald's (kjappmat med hovudsakeleg burgerar, men også noko anna "sundt"). Ops, det var å ta litt hardt i! Eg har vore ein gong, men eg kjøpte berre ein milkshake (rista meld, tjukk, med smak av sjokolade), men det telles sjølvsagt ikkje! Sjølvsagt et eg anna kjappmat som donuts!



Har ein katt i huset mitt, Ali, men me er ikkje alt for gode vennar, for ho likar ikkje framande personar! Berre sjå på det blikket...


søndag 28. august 2011

Sportshelg!

Oioioi, footballgame (amerikansk football kor du kastar ein egg-aktig ball og drep alle rundt deg), baseballgame (kor du slår ein hard ball alt du kan, slik at du har god nok tid til å skaffe poeng) på Chase Field og to svømmebassengfestar på ei helg!!!


Matchball (kampball) fredag, med heimekamp, må alle spelerane gå med kampskjorta eller treningskjorta på skulen, så det er uungåeleg og ikkje vera klar om det er kamp eller ikkje!

Footballkampen på fredag kveld var ganske artig, dei fyrste 10 minutta! Eg lærte meg reglane, såg nokre gutar hoppa på kvarandre, kor publikum prøvde å heia dei fram, medan cheerleaderane (duskedamene) hoppa fram og tilbake på banedekke som sjølvsagt førte til at ein av og til ikkje fekk med seg det som skjedde i kampen. Football har på High School-nivået (vidaregåande skule-nivået) to omgangar på 12 min med eit minutt pause mellom, før det er ein halvtimes pause og så to nye omgangar (altså 4 omgangar viss du ikkje klarte å henga med). Sidan det er så mange pausar i spelet på grunn av skadar og liknande, så varar kampen i rundt 3 timar. I den store pausen spelar korpset medan cheerleaderane dansar. Det var skikkeleg svett å sitta på tribunen, glømte å ta med kameraet, men er ikkje fare, for eg tek det med på neste kamp.

Laurdagen var det svømmebassengfest med Cross Country-laget, kor med hadde volleyballturnering i bassenget. Sjølvsagt hadde me hatt morgontrening klokka 06, så dette var i 1pm-tida. Eg var sjølvsagt uslåeleg, og vant alle kampane. Ellers fekk eg også sjå nokre av lagkameratane triksa litt med ein fotball, noko som var ganske så morosamt, sidan dei sleit og streva med det.

Det neste svømmebassengfesten var hos meg, saman med dei andre utvekslingsstudentane (nei, ikkje utviklingsstudentane). Det var kos og snakka norsk igjen, men eg prøvde meg litt på svensk og dansk sjølvsagt!

Søndagen var dagen for Diamond Backs game! På stadionet denne dagen var det over 27000 tilskuerar, men sidan dette er amerikanerar, så høyrtes det ut som 40000, sidan det er inne. Me hadde skaffa oss billettar på 3.rad, noko som var utmerka for kameraet mitt. Har nettopp lært meg litt om baseball, men det er så mykje å forklara, så eg sparar dykk for alle dei innvikla tinga. Etter 2 1/2 time gjekk me, enda kampen ikkje var ferdig! Her er det også veldig mange pausar, og pitcheren (han som kastar ballen) brukar så lang tid kvar gong.

Ny veka, nye muligheitar og homecoming (ta ei dame med på date) på fredag... Ellers tenkjer eg å ta opp att to testar, men fekk jo 92% i matte og 91% i historie, og har enda ikkje hatt noko fail (stryk), så det går ikkje så dårleg med meg!

torsdag 25. august 2011

Nok å gjera!

Heisann folkens! Sidan eg er blitt ein profesjonell løypar no, har eg kjøpt meg nye sko, som gjer meg superrask! Trur ingen kan slå meg... for dei er frå Nike (eller "Nikey" som dei uttalar det her)! Skal springe "Time trial" idag, som består av ei løype på 2,5 miles, kor du spring mot lagkameratane, så fort du kan, i terrenget!

Ellers så har det seg jo sånn at ein blond, norsk gut frå Noreg, fort blir lagt merke til! Eg har blandt anna snakka med footballcoachen (liksom sånn wannabe (ønskje om å vera) skikkeleg fotball, men er amerikansk fotball) om norsk mat, for han hadde tydelegvis ein trønder (ja, det er ei dame, sjølv om det er ein trønder, ville berre forsikra dykk om det) til kone. Videre fekk eg ein lapp av ein Sophmore (to år yngre) som dykk kan sjå!


Inni var det skreve noko... Eg håpar verkeleg at denne jenta realiserar at ho aldri vil få noko text (tekst) verken på SMS, Facebook (sletta ho nettopp frå Facebook etter at ho og ein homo (han er homo, han er med i homse og lesbeklubben på skulen!!!!!) frå skulen diskuterte meg, kor eg kunne sjå heile samtalen på "veggen" til homoen, jummyblæææ) eller få a call (telefonsamtale)!

Ellers held eg meg fortsatt over stryk (altså er eg på A, B, C eller D), men eg har prøve i både historie, matte og engelsk i morgon, så eg er ikkje så sikker på korleis statusen er etter det, forståeleg nok ;)

Folkens, eg har no avslutta løpet mitt (medan dykk forhåpenlegvis sov), kom inn på ein fin 3. plass på tida 15.51min! To som er betre enn meg, blandt anna min bror, måtte bryte, så egentleg er eg ein god nummer fem. Hadde ein spurtduell på slutten, men urutinert som eg er, starta eg spurten alt for tideleg, og tapte til slutt (sprakk siste 10 feet), mot ein Freshman (3 år yngre, men han har trent heile sumaren!). Får ei klassisk stripa (kommentar) frå Cross County gruppa kvar dag; "You're a beast!"

søndag 21. august 2011

Landet med det rare i!

Etter å ha hatt eit frukostløp kl 06 om morgonen (laurdag), med frukost etterpå, bar det opp til Flagstaff, det næraste eg kjem Noreg sitt vær, for å laste av alle tinga til min søster. Det som er morosamt på bilturar her, er at ein amerikanar kan finne på å laste det rareste av alle ting bakpå bilen sin, noko smart, men også noko som er så dumt at det ikkje kan beskrivast, berre sjå på denne hunden her, kjempeblid bakpå i 120 km/t i steikande sol...

Så langt, har det meste vore fett (ikkje som fett, som i ein amerikanar, men fett, som i kult)! Ein brus på ein liter koster rundt 5-6 kroner, uungåeleg å kjøpe. Ellers så hadde eg tidenes payback (tilbake tull) på min broder, sidan han tok eit bilete mens eg sov. På Peter Piper Pizza "Paybacktime" (bokstavrim) tok eg den klassiske "dra ned shortsen", dessverre i dette tilfellet, for han, kom underbuksa med, og han blei ståande i blanke messingen...

Ellers er det veldig mykje ørken i området, slik som dette bilete til venstre tilviser.





Dagens rosabloggstoff! USA står ikkje i ro på ein søndag, som resulterte i ein finfin shopping (kledekjøp) på heile 100,81$ (woops)!


I Flagstaff sov me på ein militærcamp, sidan mor mi er medlem i det Amerikanske Luftsforsvaret(!!!!!!), og på kvelden var det av alle saker og ting ein konsert med verdskjende Steve Martin (komikar, blandt anna kjend frå Pink Panter (Rosa Panter)), som spelte på banjoane sine (ein om gangen) og laga "lått og løye" for høglydte landsmenn!

Søndag, lekser må gjerast, og eg må ta opp att ein test i morgon (sjølv om eg bestod), for eg vil ha betre score (resultat, grad, karakter)! ;)






onsdag 17. august 2011

Livet!

Ja, nå går det meir smekk i smekk, beklage om du føler dette blir som ein springeblogg, men 5,5 miles idag, litt skada, men slapp heldigvis treninga kl 06 i morgon på grunn av det :D 8 timar dagen tar på, glede meg til helg! Take care!

tysdag 16. august 2011

Tidleg opp, som ein fitjarbu!

Hei, nå er min andre skuledag over, og det er ganske mange saker og ting som skjer mellom dagane. Eg har blandt anna lekser, sidan eg har dei samme klassane kvar dag i samme rekkjefølgje, er det som oftast lekse til neste dag. Skulen startar kl 0700, og viss ein kjem for seint, må ein gå til hovudkontoret og hente ein forseintkomenlapp som du så må gje til læraren din før du kan sitje deg ned!

Idag, som i går, har eg sprunge. Litt annerledes å springja i 35 grader, kor det er flatt overalt, og sola er på plass. I dag kom heile laget våras til oss, og me bada etter ein god, varm, lang, slitsom, pratsom, tørr joggetur.

måndag 15. august 2011

Første skuledag!

Då var første skuledag over, ein ganske travel ein! Mellom kvar time er det berre 5 min, så eg må springe mellom kvart klasserom, for det er så mange bygg, minst 13! Nybegynnerane på skulen fekk ein varm velkomst idag, cheerleaderane dansa og det var topp stemning. Eg hadde lunsj med tre jenter :) Og siden foreldra mine fekk vite det, fekk eg og vite at om skulle eg be nokon ut på date, måtte eg først hatt ein middag her heima med dei!

Ellers gjekk eg på Cross County, og sprang ca 4,5 miles (gang det med 1,6, og du har det i km!). Etter det tok eg ein forfriskande iste, den var fantastisk! Sidan det er reglar for kva klær du skal bruke i gym, måtte eg kjøpe ein svart shorts, og så må eg kjøpa ei grå t-skjorta seinare. No går det smekk i smekk, og eg begynne å bli opptatt! Prøve på torsdag alt, angåande reglane!

søndag 14. august 2011

Oioioioioioi!

Ein dag av med blogging må jo berre bety ein ting! Eg har vert på eit skikkelig High School party! Det var ein 16-årsdag, med rundt 50 personar, med svømmebasseng og stort hus og bading! Her i USA er det heldigvis ikkje pølseparty, for det var ikkje så mange gutar der. Sjølvsagt i det eg skulle hoppe uti, skulle 8 jenter hilsa på meg, men eg burde kanskje ha fortsatt å snakka med dei istadenfor å hoppa uti, men det får me ta ein anna gong ;) Resten av natta var me ein god gjeng hos ein kompis, og sovna der!

Oi, nedanfor vil du sjå ein valdtekt av norsk kultur og mat, eg berre seier det!!!










Eg var i Flagstaff, kor søstera mi skal gå på college, og etter å ha fullført mine 2 første miles (rundt 3,2 km) måtte eg laga frukost, som eg hadde bringt med frå Noreg, nemleg vaffler! Desse vafflene blei brukbare (lol, dei var heilt kvite!), men før eg hadde fått tid til å seia noko, hadde dei teke sirup på! Ikkje nok med det, denne familien er ein skikkeleg peanuttsmørfamilie, og derfor tok Ben først på litt peanuttsmør, men sjølvsagt skulle han ha sirup ovanfor det igjen! Ja, kjære landsmenn (nei, det er du ikkje, blablabla), eg kunne dessverre ikkje gjera noko med dette, som sagt, dessverre!



(Så må det jo og seiast at eg prøvde det sjølv, eg er tross alt i Amerika!)



Ellers så er dette ein godterifamilie, så det er berre å gå i skapet om eg vil ha litt godteri, og alle kompisar som fortsatt trur eg er dårleg i CoD, feil, eg er blitt {=¤Pr0¤=} xD

fredag 12. august 2011

Mat i USA


Etter min første heile dag igår, har eg no fått i me litt fast food! Sjokkerande, for bare mens eg venta på flyplasssen i Chicago kom eg over det, amerikanerar er det så mange av, at viss ein ser noko uvanleg, så er det ikkje uvanleg alikevell. Her er det "in" å ha nokre ekstra belter på magen, og etter denne starten forstår eg bedre! Hadde min første Jamba Juice i går, ein slags smoothie! Her borte et ein seg ikkje mett på eit måltid, for det er berre loff og den slags, men eg skal gjera mitt beste for å halde meg rundt 71 kg ;)

Var innom på skulen og fekk meg litt venner, og besøkte eit svært hus til ein anna kompis av Ben, som eg også kan kalla venn :D Deretter tok alle me 3 ein tur til "The Mall", urealistisk stort! Heilt sjukt! Når eg kunne ha gått rundt der i ca 4 timar (men me hadde berre ein halvtime på oss) kunne dykk jenter heima ha vert der 24 timar! Kjøp for dagen; ein Volcom cap til 16$ på PacSun! Her er alle klær til rundt 20$, i forhold til alle slags dyre merkeklær i Noreg!

Ellers har eg fått ei god seng som eg har tilbrakt rundt 16 timar i til no!


torsdag 11. august 2011

Hei USA

Hei! Nå har eg nettopp vakna, etter 7 timar herleg søvn. Vel litt om reisen! Som ei reisa hør og bør, så klarte reisa mi å begynne med litt trøbbel! Eg hadde gjort alt rett og funne min gate med ein gong. Etterkvart synest eg at det var litt rart at det framleis sto Roma på skjermen når det gjensto eit kvarter - ergo eg måtte gjera noko, og heldigvis, etter nokre spørsmål fann eg rett gate og kunne gå ombord!

Vel framme i Stockholm, spurte eg igjen ein vakt kor eg kunne gå, men han sa "Du måste SPRINGA!". Eg la meg ut på ein svett joggetur til andre sida av flyplassen, og blei sittande ved sida av ein som heitte noko med Paahnaang, truleg aner frå India! Vel, etter ein og ein halv time på flyet, av 8, måtte det skje! "Skjermen min" blei øydelagt, vel, han sto i alle fall på "Loading, please wait..." resten av turen!















Ved ankomst i Chicago var det ein del papir eg måtte fylla ut, og politibetjenten eg blei sjekka av, hadde sjølvsagt ein kompis/kollega som venta på han, ergo, masse stygge blikk til meg og "What are you doing?", spesielt når eg tok tilbake eit ark som eg ikkje skulle ta. Gjennom å ta eit tog, fra den eine plassen til den andre, hadde eg kome til rett plass, før ei kvinna frå Japan begynte å prate livleg med meg, ho skulle til Florida, og ønskte meg lykke til.









Eg møtte seinare ein sjef av ein politimann som eg fekk lov til å ta bilde av :D "You're welcome, you're welcome!".













Typisk var det, eg såg ein Starbucks, men hadde gløymt PINKODEN MIN... No har eg fått hjelp av mamma, og kan den for resten av livet ;)





















onsdag 10. august 2011

Heim, kjære heim!

Ja, no har eg utrolig nok klart å gjennomføra ei flyreisa fra Oslo-Stocholm-Chicago-Phoenix, tru det eller ei! Vanvittig varmt her, det er alt eg seier før eg legg meg no, 9 timar bak dykk heime! Stay tuned, nå har det begynt her borte!

tysdag 9. august 2011

Natten sitt liv!

Jaja, grei start på natta, bare det at hu dama eg traff, som eg sa var min ven, viste seg å ha tidenes sagbruk, så det blei dessverre berre rundt 3-4 timars søvn! Eg sjølv er godt nøgd med det =)

Her e min bolig, på avsperra område :) I kvitt til venstre er sagbruket!


Ventetid




Ventetid består av så mangt på Gardemoen flyplass! Av totalt 14 timars ventetid til neste fly, har eg no berre 7 timar igjen... SICK! Tida har gått for min del fort. Eg har sett eit stort utvalg av forskjellige folk, eg nemnar i fleng; Nordmenn, tyske turistar, eit opprop på fransk, kor eg klarte å høyra ordet "oui" meir enn 20 gongar, ein 2 meter høg asiater (truleg frå Japan), to eldre herrar med langt kvitt hår som hadde like langt skjegg, mange sovande menneskjer, folk med stor mage (av ulike grunnar), små folk (minst ein dverg), folk med forskjellig hudfarge, glade folk, ein gråtande baby, ei kjekk dama som skal til Bergen som eg er blitt venn med, såkalla normale folk, og ikkje minst, nokre kjekke infodamer, som gir meg nytt internettkort kvar time, og som let meg gå inn på forbudt område, kjempekoseleg start på turen, og det er sjølvsagt folk som sit og ler litt av andre folk, sånn som meg og han eine tyskaren!

Eg legg ved eit bilete med rånaren som vaskar gulva her... MANGE nestenkollisjonar er kvardagen hans har eg funne ut, etter å ha ledd litt (kniz)!



Har også sett ein gut (som eg trur er fransk) som brukte bagasjetralla som sparkesykkel, det resulterte i ein velt i ein sving, og all bagasjen datt av, morosamt for meg :D



Hallaballa!

Hei, mitt navn er Kristian, og nå skal eg ut på ei stor oppdagelsesferd, til Arizona! Det er ein stat sørvest i USA, kor eg har fått ein kjempekoseleg familie! Kva eg kjem til å blogga om her, er det som faller meg inn for augeblikket, og om opplevelsar eg vil få der! Skal prøve kontinuerlig å blogge, så følg med! :D