torsdag 29. september 2011

Hurra for fredag!

Denne torsdagen har vore ganske surrete. Spilte tennis på bane 1 heile gymtimen, the Norwegian (eller Norvegia, sidan det er så mange meksikanerar her, så berre kan land på spansk) nightmare no one can beat (marerittet frå Noreg ingen kan slå), saman med partneren frå Romania. Veldig mange folk her komme frå eit, eller har gener, frå eit anna land. Her finnest alt! I morgon er det løp, eit veldig stort eit, kalla Twilight, og Kris er på jakt etter enda ein medalje, noko topp tjue av 140 får! Dette er eit møte, kor også Mari, ei jente frå Noreg skal delta på, så då blir det litt norskpjatt. Ho er forresten nabo til trenaren min, så har truffe ho litt. Ellers er amerikanerane veldig openhjarta, seier korleis følesane er for folk. "Du har fine auger, du er søt" er ting eg får slengt mot meg medan eg går aleine rundt på skulen. Hardt liv!



Her er eit familiebilete, meg bytta ut med Jane! Forreseten, har du nokre spørsmål på hjarta så er det berre til å spørre!

tysdag 27. september 2011

Andre plass!

Dette var eit tøft løp, kor skulen som hadde den første femtemannen inne først ville vinna. Sjølvsagt klarte Greenway det! Personleg hadde eg ein god dag kor eg prøvde å henga meg på Greenway sin beste løypar. Sluttida blei på 16:51 kor distansen var 5 kilometer! Deilig å ta dobbelseier, men akkove kor tungt! Blir ei fin medaljebøtta eg skal ta med tilbake til Noreg =) Glede meg til helg, trenge å ha litt tid til det store engelskprosjektet.

måndag 26. september 2011

Tirsdagsløp

Dagen i dag har gått med til iet stort engelsk prosjekt eg har. Det er masse research (søk opp at) på forskjellige artiklar som eg skal bruka i teksten min...


I morgon er det løp, tenkjer eg skal knalle til i morgon! Dette møtet er mot ni andre skular, så det er passe stort! Men på fredag er det eit møte som er enda større, så masse på programmet! Ikkje det at eg søv så mykje her borte, det får eg ta opp att ein annan gong (Gud veit når).



Her er eit bilde frå stranda i San Diego, jentene og Kris! Coach elsker å ta slike bilder!

søndag 25. september 2011

College Football!



Med eit tilskuartal på mellom 5000 til 10000 personar, var det nok lyd i denne innandørshallen, kalla "a dorm". Som alltid varar ein kamp alt for lenge, mellom to til tre timar, noko som gjer at eg ikkje er så alt for glad i denne sporten. Og, som alltid, er det nokre duskedamer som prøvar å distrahera oss frå sjølve kampen. Irriterande altså! På skulen er det tre gutar på krykker, noko som fortel sitt om kor farleg denne sporten er. Forresten så fekk eg sjå min første ankel bli brukke i gymmen! Me spelte flaggfootball i gymmen, kor du har eit flagg rundt magen, og tar nokon flagget ditt medan du har "ballen", må du stoppe. Han her tøffingen av ein bamse skulle vera litt kulare, så han ville springa ned meg og to andre som skjerma "ballen". Det endte opp med at han sklei når han skulle stoppe, tok meg med i fallet (heldigvis slapp han meg nesten med ein gong), og der var ankelen til venstre, resten av fotbladet til høgre! Han nemde nokre stygge ord, og blei liggjande igjen på bakken som ei dø, rødhåra ku! Så teknisk sett er det 4 gutar på krykker no, etter footballspel!

torsdag 22. september 2011

Overkommeleg!


No gjekk dagen slik at eg klarte 93% i U.S. History, bra nok.



I San Diego hadde eg ei sluttid på 16:38, noko som gir meg ei samanlagt tid på 5:39 per miles. Eg har også etterkvart lært meg å kasta ein football, også klarar eg å ta i mot den også!


Gler meg til helg, på laurdag er det opp til Flagstaff og sjå på College Football, noko som er veldig stort, rett under NFL (National Football League)!

onsdag 21. september 2011

Onsdagsløp!



På onsdagar har me alltid sein start på skulen, og alle klassane er rundt 45 minutt. Men i dag hadde eg to prøvar, i Honor Biology og i U.S History, og faktisk så gjekk det ganske greit (ja, eg klare meg faktisk!). Første fjerdedel av skuleåret har eg fått gode karakterar, sittande igjen med berre A'ar og B'ar! Har berre tatt opp att ein test!



Onsdag er det alltid tid for løp. Sidan eg klarte å sovna føre airconditionapparate (ein boks som sende ut kald luft slik at me ikkje skal dø av varme), klarte eg å pådra meg ein forkjølelse, imponerande synest du i denne varmen? Men det var faktisk kjølig i San Diego! pesielt klokka 07:00 i sjøen (eg er den som visar musklar i midten der, som du sikkert klarte å finna ut av sjølv!)! Plussar du på for lite søvn, er formelen komplett (har matteprøve i morgon!). Derfor hadde det seg at eg måtte ta det roleg dette løpet, og springa i min eigen komfortable sone (fordi Coach Giddings (ein smart trenar) sa det), noko som resulterte i mykje tullprat frå meg til dei andre løyparane som faktisk sleit med å springa i min komfortable sone, stakkars dei! Då det var att 1,1 miles, bestemte eg meg for å akslerera, noko som gjorde at eg kneip 18 plasseringar dei siste 1,1 miles (var på tjuesjunde plass før eg akslererte som ein Ferrari og ein Lamborghini og att på til ein Ford Mustang til saman) og endte på niande plass.

måndag 19. september 2011

San Diego!




Eit bilete fortel meir enn tusen ord? Å ja, San Diego var fantastisk! Eg klarte til og med å trylla fram nokre gamle fotballtriks!













Eg har det travelt med noko engelsk lekser som eg må fiksa. Irriterande altså! Ellers så leke eg meg med det som er å leka seg med her!




Meir fullverdig historie kjem seinare!!!

onsdag 14. september 2011

Jadda!

To travle dagar er over. På fredag, rett etter skulen, er eg på veg til San Diego (strandparadis i California), woooohoooo! Hadde eit bra løp idag, avslutta på 3. plass, nokre få meter frå sigeren. 2,95 miles på 17:01 minutt. Gradene byrjar å synke, i går var det så kaldt ute at med kunne ha dørene opne. Ja, 25 grader er passe kaldt, og bassenget var nede på ein norsk, varm, badedag. Her i huset kosar eg meg, sjølv om saker må skje på sekundet, vera på rett plass, sei i frå om kor eg er til einkvar tid, er noko eg ikkje er vane med frå før, føles som som eg har eit lite band rundt meg. Men for eit år, Kris klarar lett å leva eit år på dette viset, berre han får nok mat! ;)

måndag 12. september 2011

Smartens dikt!

årh
eg vil ikkje at du ska reisa
da irritere livet av meg
da e dårlig gjort
og urettferdig
koffor ska du stikka liksom?
trur du får da bedre der enn her?
me klare faktisk veldig godt å ta vare på deg her
da e jo usaklig at du ska te Arizona for å finna lykke
lykke faktisk
men anyways
derivasjon e sikkert 100 gongar vanskligare der enn her!

Hehe, du veit ikkje at det er eit dikt, men det var så søtt at det blei til eit dikt! :D For dykk som ikkje veit kven denne personen er, så er det ei klasseveninne i Noreg!

søndag 11. september 2011

Fortreffeleg helg!



Dette har vore ei kjekk helg, på mange måtar. Den har hatt mange opplevelsar. Startar med fredagen.


Dette var fredagen, kor eg skulle få oppleva regn (ja, det regna). Dette var fredagen eg skulle oppleva lyn og torden også (ja, det lyna og tordna)! Til og med, eg skulle få oppleva dette på ein gong, og grunna dette, så blei det pause i Homecoming spelet. Det var at to periodar (begge på 12 minutt), då det var så mykje lyn og torden at me måtte venta ein halvtime frå siste lyn til me kunne fortsetta kampen. Dette var på grunn av at tribunen er av metall. Nede på sidelinja og på banen er det berre lov for spelarane og trenarane og vera, men når spelet starta opp att igjen, var det også ein nordmann der, og han blei ikkje kasta ut, utruleg nok (sann historie, ikkje noko eventyr på denne bloggen)! Me vann den kampen, men eg såg ikkje siste periode kor kampen blei avgjort, på grunn av at eg måtte i seng.


Laurdags morgon starta med eit brak med fem repitisjonar på 1,6 km (1 kilometer equal (er lik) 1000 meter). Alle repitisjonane måtte vera på 5.50 min, men den siste var på 5.10 min. Etterpå var det kjøp av klede som skulle matcha (stå i stil til) daten (jenta eg tar med ut på middag) sin kjole. Det enda opp med ei sløyfa som truleg er eksakt samme farge som den eg har heima i Noreg, berre at den her må eg "knytta" sjølv, så no er eg ein stolt "sløyeknytar"! Eg lærte ikkje det på nettstaden Youtube, men på butikken kor eg kjøpte sløyfa. Sto i 10 minutt med vertsfaren min og til slutt to damer som hjalp til. Homecomingkvelden vart ein suksess med dans og film utandørs heima. Enough said (nok sagt om den saken)!





Bror min måtte kjøra daten sin heim på natta (daten min køyrde, så eg slapp det sidan me såg filmen hos oss), noko som resulterte i ein solid krasj. Motparten (det var hans feil) stakk av frå staden på sekundet, så det var litt kjipt, no er me to utan bil, mange dagar!

torsdag 8. september 2011

Forykande fort!

Dagane framover går alt for fort! I morgon er det opp kl 0600, i seng 2300, opp 0630 på lørdagen for å springa, og så i seng kl 0200 fordi det er Homecoming... Akkove! Ta vare på deg sjølv ;)

onsdag 7. september 2011

Lett løp!

Løpet i dag, på "heimebane" skulle visa seg å vera eit lett løp. Dei tre andre skulane me konkurrerte mot var ikkje den store motstanden. Vår beste løypar lot me stikka av garde med ein gang, medan eg og tre lagkameratar samla oss i ei gruppa bak, kor me kontrollerte det som skjedde! I mål kom Greenway High School på 1. plass, og fire på 2.plass, sidan me bestemte oss for å gå saman over linja.

Dagane går hektisk fort. På fredag er Homecoming, eg må kjøpe skjorte eller slips eller sløyfa som passe til dama eg tar med ut. STRESS, men fortsatt ganske kult! I Honor Biology (spesialklasse for smarte folk, men dei fleste i den klassen er to år yngre enn meg) med Mrs. Walth er klassen med mest heimelekser, men sidan eg spring Cross Country (som også sonen hennar gjorde i mange år) og er norsk, så er ho heldigvis snill med meg og gir meg rett på svar medan sidemannen (det er ei dame) min, som eg tok svare frå, får feil! Gjer meg ingenting :) Ellers har me football i gymmen, noko som er ganske kjekt, sidan me har eit belte rundt magen ein må rive av i staden for å takle kvarandre. Eg har to Touchdown (spring med den eggforma ballen over til motstandaren sitt område) på to dagar, Coach Munder (eller noko liknande) er imponert!

Gler meg til vinteren, for då har eg tilgang på så masse appelsiner eg vil!

tysdag 6. september 2011

Thunderbird Park!




I morgon er det på nytt løp, på "heimebanen" våras, Thunderbird Park, noko som er så godt som ein ørken, mykje sand og litt tørre buskar (ikkje noko perverse greier her). Kan vel gå for topp 6 no! I dag var det mykje på agendaen, mellom anna Bonfire, kor me samla inn lassevis av boksmat til fattige folk (eg er så snille), og eg fekk eit skikkeleg nytt innsyn i boksmatverda! Det er ikkje berre tunfisk ein finn på boks, men alt anna også...


Her er eit bilde av hundane i gården, Beabuo (uttalast beobeo) og Nelly! Tamme og late dyr, i alle fall den kvite, svære latsabben Beabuo!

måndag 5. september 2011

Happy Labor Day!

Denne dagen, Labor Day (arbeideranes dag), har eg brukt til å late meg. I engelsken har eg ei bok på heile 370 sider å lesa, men eg kan ikkje lesa den ute, for då smelte limen som helde sidene saman! No har eg vore med på å vatna plenen på arizonalsk vis. Denne metoden er kalla "erogation", kor du vatnar, eller rettare sagt, du oversvømme heile hagen, noko som er den billegaste måten å vatna på.




I kveld har det vore ganske så kaldt, faktisk! Det har vert rundt 25-30 grader!! Ellers så var eg på ein joggetur, men kor mykje utbytte ein får av joggeturar når ein et hamburgarar og drikk brus etterpå, er ikkje godt å vite. Eg begynne faktisk å bli brun her nede, sjølv om eg er inne midt på dagen fordi det koke ute! Når eg skal heim etter skulen og set meg inn i bilen, så svir bilbelte, det er rett og slett gjennomstekt/kokt. Det einaste som minne meg om regnvær her, er lyden til vifta i taket!

søndag 4. september 2011

Tempe!


Etter å ha stått opp kl 4:30 var det av stad til Tempse, 40 minutt frå Greenway High School! Det var eit tøft race, men Kris ville ikkje sleppa taket på folket føre seg, for topp 25 fekk medalje, noko ein competetive (noko foreldra her alltid kallar meg, det betyr lysten på seier, alltid!) nordmann ikkje vil la gå frå seg. Løpet var 3,1 miles denne gongen også, men tida her var meir enn minuttet bedre enn på onsdag, grunna flatare terreng!




På torsdag spurte eg og min vertsbror kvar sin cheerleader (dansedama), ved hjelp av nokre gutar frå Cross Country-laget, til homecoming, kor me begge fekk eit "ja" til svar! Me prøvde i alle fall å vera litt kreative!

fredag 2. september 2011

Ein overskya dag...

Hahahaha, dykk trudde dette ville bli eit negativtlada innlegg, berre på grunn av overskrifta, men den gang ei, det er berre slik været er denne fredagen!

Onsdagen viste det seg at eg måtte skulka (egentleg så var eg unskulda med resten av laget, men det høyrest meir badass (ein som prøver å vera kul) ut) dei to siste timane. Bussen opp til Prescott tok heile to timar. Når me endeleg kom fram, var det to timar til løpet skulle starte. I min klasse var det rundt 50 andre gutar. Smart som eg er/var, opna eg med å springa rett fram og i tet dei fyrste 300 meterane, for å hjelpa kapteinen min, som var ved sida av. Etter ein alt for hard opning, fall eg ned til gruppa mi på 4 frå Greenway (5 med den irriterande fyren frå Prescott som alltid tok oss igjen i nedoverbakkane!), som med sprang i ein runde, før meksikanaren vår trakka over, og med var 3 att (4 med den lille tullebukken frå Prescott) i gruppa vår. Eg klarte å fullføra løpet på 3,1 miles (1 mile er 1.6 km) med tida 19:38 min:sek. Det holdt til ein sjuandeplass, plassen forann vertsbror min, men det var berre fordi han sa at han ikkje hadde meir energi igjen og sa at eg måtte prøva meg på minien frå Prescott som tok meg med 2 sek. Heimreisa tok minst 3 timar, grunna med stoppa på ein Peter Piper Pizza (stor pizzarestaurant kjede), som ikkje berre har pizza, men ein slags gamblingplass kor du kan vinne "kule" premiar! Rota sikkert vekk $10 der...



Torsdagen sprang med stafett i ein time på stadionen. Mitt lag på 5 mann, klarte småfine 55 rundar, kor me veksla kvar runde! Ved hjelp av denne såkalla Jog-A-Thon, samla med inn pengar til gruppa vår. Eg samla nok sponsorar til å samle inn $85, greit nok.


Denne fredagen har det vore mykje som har skjedd! Eg har hatt prøve i både engelsk og Honor Biology (klasse for smarte folk). Heile Cross Country laget blei presentert framfor heile skulen (1600 elevar) i dag, og alle hadde med å stilla i finklær. Kven var det som fekk mest jubel? Det var Kris Nag! :D



Synest dette innlegget vart så langt, så eg vel å fortelja dykk om ein Homecoming (ta ei dame ut på date)-ting i morgon. Det vert ein saftig karamell (i positiv forstand)! Og ja, capsen har grodd inn i hovudet mitt (rettare sagt, tom for Renati wax...)! I tillegg har eg eit nytt løp i morgon, så eg får sove til 4:30, før eg må stå opp!