tysdag 21. februar 2012

Tjohei!

For tida er det mykje som pågår, men eg har kjøpt meg eit billeg, veldig mogleg, eit ubrukeleg videokamera, men kjekt skal det no bli med det! Hadde i dag avsluttning med fotballaget.

I forbindelse med operasjonen eg hadde, så kontakta forsikringselskapet mitt meg med denne meldinga etter eg svarte at alt gjekk bra med meg på koseleg dansk;
"Hej Kristian,

Det er dejligt at høre at det går rigtig godt.

Jeg lukker din sag her hos os, men hvis der mod forventning skulle blive yderligere, må du jo endelig kontakte os."

Koseleg var det å få litt dansk i kvardagen!

På torsdag kjem to søstre og ein svoger til byen! Me skal på ein lang biltur med mange stopp. Me skal innom Grand Canyon, Las Vegas, San Fransisco og LA... Det skal bli rått! Stay tuned!

måndag 13. februar 2012

Travelt!

I dag var første dag tilbake med springing. Eg trur eg hadde rundt 7 km i dag. I morgon er det morgontrening klokka 6:20 før det er fotballtrening seinare på dagen, og då skal eg sove over hos kameraten i staden for å stressa med å kome heim att seint på kveld. Kjekt blir det!

Stay busy and out of truble - vertsmora mi sitt motto!

søndag 12. februar 2012

Sløv-sløvara-sløvast.


Ny posisjon i vente!

Denne søndagen har vore ein av dei dagane kor eg berre sløver heile dagen, gjere leksene og nyte sola. Til veka skal eg tilbake til doktoren for å sjekke korleis det går med nasen.

I dag fann eg også ut at laget me tapte mot i kvartfinalen vann heile turneringa, noko eg trudde ville skje. I morgon skal eg til med friidrett! Eg skal framøve springa 400 meter og 800 meter og prøva å trena med eit fotballag minst ein gang i veka. Får håpe det går bra, men først av alt må eg kjøpa meg joggesko, kanskje nye fotballsko og ikkje minst piggsko. Det skal bli morosamt!


Blir vanskeleg å få eit meir rart hoppbilete med ball.


Appelsiner, både skrelt og skvist!


Profesjonell fruktplukkar søkjar sumarjobb!

Sidan eg bur i Arizona, kor sola skin om kapp med eksosen til dei mange tusen bilane, så er det appelsiner å finna ute i hagen, Ja, det er berre til å ta seg ein tur bak i hagen, ta handa opp, og røska ned ei appelsin (og då kan ein kan få ei ekstra i hovudet).



På slutten av denne veka har eg vore veldig travel. Eg har vore på noko som heiter Arizona Association of Student Council, kor eg har høyrt mange motivasjonstala snakka. Denne konferansen var for elevar som var i ledarskapsklassen. Blandt anna var det ein som hadde praktisk tala blitt fødd med krykkjer i hendene sine. Dette var på grunn av mange problem med beina. Han var oppi 50-åra no, men han sprang no fram og tilbake med dei krykkene, og størst av alt, han hadde gått heile vegen frå San Fransisco til New York, på krykkjer! Eg var mildt sagt imponert og gav han eit godt handtrykk etter talen!



Sidan vertsfaren laga appelsinjuice forrige helg, tenkte eg at eg skulle gjera det samme denne helga. Det var overraskande lett gjort, så appelsinjuice blei det, og frisk appelsinjuice blir det til frukost søndag morgon. C-vitaminar skal det ikkje vera mangel på her! Neste helg trur eg det attpåtil blir ein lemonadedrikk i hus!

Stay fresh, eat fresh, be fresh, og by the way, gratulera med morsdagen til alle mødre der ute!

Kva synest DU om den nye designen?

måndag 6. februar 2012

Ny idrett!

SuperBowl var på TV heile søndagskvelden, så det var umogleg å komma seg vekk frå den kampen. Eg hadde på forhand eit ønskje om at NewYorkGiants skulle vinna over NewEnglandPatriots, noko som skjedde. Det var ikkje ein kjempekamp, men Tom Brady trolla det til på første pasningen ved å gje vekk 2 poeng. Det kjekkaste med kampen her borte er det at det kjem ut nye reklamar i løpet av denne kampen, noko som firmaer betale rundt 20 millionar for 30 sekund. SuperBowl er den største pengesugaren her i Amerika, det er sikkert og visst!

Sidan fotballsesongen er over, så skal eg til å velja ny sport, og eg kan seia såpassa at det lukter friidrett! Men, eg har veldig lyst til å spela tennis i tillegg, berre for morroskuld. Det er ein anna person som skal gjere begge sportane også, så eg tenkte eg i alle fall kunne spele dobbel med han i tennis. Det er mange gode tennisspelarar på skulen, så eg veit ikkje om eg klare å komma med på laget, men eit forsøk skader ikkje. Eg skal ha for forsøket uansett korleis det går!

Korleis er kvardagen i Noreg? Noko nytt og spanande? =)

søndag 5. februar 2012

Grei helg alt i alt!

På fotballkampen gjekk me på hovudet ut etter nokon store blemmer i forsvaret, og når keeperen våras gjer sin verste kamp for sesongen, så var det greitt å tapa 5-0. Me holdt nullen i andreomgangen då eg var tilbake på midtstopparplassen.


Seinare på kvelden, etter ein tur på Yogurtini, ein plass kor du vel yogurt og kva du vil ha på som sjokolade, blåbær og jordbær, blei eg invitert på ein Phoenix Suns kamp, noko eg sjølvsagt takka ja til. Det var co-captain på fotballaget som tok meg med. Me satt godt oppe i høgda, så dei svære tometermennene såg ikkje så store ut lenger. Det var mykje jubling i hallen gjennom heile kampen, og dei vann! 95-89 visst eg ikkje tek heilt feil. Klarte til og med å få ei t-skjorte, slike som dei kastar ut til publikum heile tida. Kjekt var det!


For tida har eg eit type plaster på nasa som skal få hevelsen til å gå ned. Trur det hjelper på, men er ikkje heilt sikker. Men barskt er det!

fredag 3. februar 2012

Kvartfinale!

Då var det klart for ein kvartfinale! Forrige kamp var det godt over 100 tilskoderar, og når billettprisen er 36kr for studentar og 48 for vaksne, så er det imponerande at så mange kommer og ser på!

Operasjonen var vellykka, heldigvis. Eg sovna no stilt inn før dei begynte å grafsa i nasen. Dei sa at det blødde veldig mykje i løpet av operasjonen, sidan nasen var ikkje plasert så enkelt som dei trudde den var. På grunn av dette, så stappa dei oppi ein lang tråd inn i nasen, sikkert ein meter lang og 5mm brei, som doktoren tok ut or fredag, noko som var veldig ubehageleg. Blodet fossa ut saman med denne tråden, og det føltest som om tråden hadde hatt holdeplass lang inni hjernen og inn mot øyra! Urgh!

Heldigvis er det den fantastiske forsikringa mi som dekker alt dette her. I tillegg har dei dekka ei ny maska som er spesiallaga til meg for 2,100 kr. Ganske ellevilt, så då sleppe eg å bruka denne ubrukelege maska som eg brukte på tirsdag, sjølv om eg scorte med den. Me skal spela mot ein katolsk skule frå Tucson, Salpointe Catholic HS, som er kjent for å vera eit godt lag, men me skal nok få stoppa dei!

onsdag 1. februar 2012

Operasjon!

Då var det klart at eg tar meg ein liten operasjon i morgon for å få nasen tilbake på plass. Dette bør no vera ein rimeleg enkel jobb å gå gjennom, men me får sjå om nasen blir bein. Snakka med to legar i dag. Han eine hadde jo sjølv ein skeiv nase etter fotball, så han ville ikkje gjera noko med nasen min, men han andre, meir rutinerte sa at han kunne fiksa den i morgon (2. februar), så eg høyrde etter kva den rutinerte sa.

Elles så fekk eg gratis lunsj på skulen her om dagen, sidan eg hadde perfekt oppmøte til klassane mine i det forrige semesteret. I gymmen har eg blitt proff i både badminton og racketball, kjekt å spela når ein blir god. På laurdag er det ny kamp, kvartfinale, og det blir ein real kamp mot eit lag frå Tucson, ein katolsk skule.