Då har eg faktisk hatt opplevelsen med å stå på sn
owboard her i Arizona! Me dro opp til Flagstaff (studentby) og sto på snowboard der ein dag. Høgden var på heile 11200 feet (3400 meter) kor det blåste noko heftig! Etter kvart var eg trøtt og lei, så me tusla heim etter 6 timar i trekket, kor det var minst fem store heisar, men sidan det var lenge sidan sist gang det snødde, så var det ingen puddersnø og nokon ispartier. På turen heim stoppa me med ein rasteplass, kor utsikten er til å sikle av! Som dykk kan sjå, ein u-dal ved mi venstre skulder.
I natt blei me tulla med, og me fekk uendeleg med toalettpapir over
heile huset! Sidan hundane var inne for natta og me i Flagstaff, så var det ingen som oppdaga dei. Men, har mistanke om at nokre kompisar av meg og Ben har vore på ferde. Dei skal få tilbake ein vakker dag! Desse folka gjorde faktisk den beste jobben eg har sett her nede, angåande toalettrulltull! Meget bra utført!

Helga har spasert forbi ganske kjapt, som vanleg. På utvekslingsselskapet laga eg som sagt ris, og den var reven bort ganske så kjapt skal eg seia deg. Til og med dei andre nordmenna, dansken og svensken sa at den var toppers (litt stolt augeblikk!). Det var kjekt å treffe gamle kjente igjen, og dette var faktisk andre helga på rad eg snakka norsk, fjes til fjes! Elles så var det ei jenta frå Tyskland som utruleg nok spurte oss nordmenn om alle er blonde i Noreg... Me svara ja i kor, og ho var rimeleg sjokkert! Då det har seg slik at ein har blitt spurt det spørsmålet så mange gangar, klarar ein til slutt ikkje å svara høfleg tilbake.