onsdag 30. november 2011

Første fotballkamp!

Tysdag hadde med ein fotballkamp kor dommaren viste seg å vera tidenes verste dommar (då snakke eg om ein dommar verre enn Eddie med haugesundsdialekt!). Han delte ut gule kort i "hytt og pine", for alle mulige rare årsaker (eg klarte utrulig nok og ikkje pådra meg kort, sidan eg stoppa å snakka til dommaren etter dei første minutta). Om du får eit gult kort i High School-fotball, så må du bli bytta ut, men du kan bli bytta inn etter neste dødball. Omgangane er 2x40, kor me spelar nøyaktig til 40 minutt og kampen er over. Dommaren stoppar tida nokre gongar i løpet av kampen. Den svarte spissen me har, som er sterkare og raskare enn ei løva og ein leopard til saman, fekk raudt kort etter 20 minuttar, og me som var i ledelsen 2-0 allereie då (eit mål av beistet)! Han hadde eit gult kort frå før av, og når ein gut på det andre laget pirka borti han, sa han at neste så tar på han ville han slå til. Han påstod at han fekk ein albue i hovudet, så han snudde seg raskt og slo til spelaren rett i brystkassa og fekk direkte raudt kort. Motspelaren blei liggjande nede nokre minutt før han var oppe på beina att. Heile episoden fekk skulen sitt filmteam på tape, og ein kunne høyra slaget! Me ridde seieren i land med ein 3-2 siger til slutt, kor eg spelte midtstoppar heile kampen.

Me har "skule-TV" kvar dag i byrjinga av tredje time, kor me blir fortalt idrettsprestasjonar (som dei kanskje har filma), om det er nokre viktige møter eller noko anna som har skjedd.

Sidan Cross Country var over, så hadde med ein såkalla bankett kor me samla laget og åt god mat i tillegg kor me fekk sjå hovudpunkter frå sesongen. Eit springekapittel er avslutta, og eg fekk nokre papir på kva eg har gjort, blant anna blei eg den beste løyparen blant dei 9 skulane me har i distriktet, sidan meksikaneren på laget blei den mest verdifulle løyparen!

måndag 28. november 2011

Black Friday!

Black Friday er tidenes "gå-av-skaftet-fordi-det-er-så-mange-tilbud"-dag! For opplevelse sin tur tok eg sjølvsagt turen til Arrowhead Mall, noko som er næraste kjøpesenteret. Her var det kamp om plassen frå start av. Om du trur dette var om morgonen så tek de feil, for dette var midnatt. Kalkunen hadde nettopp sige ned i magen og folk var klare til å kjøpa for meir enn dei har (eller som dei då hadde). Med ein gang eg gjekk inn døra såg eg kvinner (var sjokkerande nok nokre få gutar som hadde tatt seg turen ut) dukka ned for å dukka etter skobokser, noko som må ha vist seg å vera eit gogt tilbud, for det var skikkeleg kamp om det og nokre salsmenn måtte roa gemyttane! Ved inngangen til Victoria's Secret var det vaktar som slapp ein liten mengde med folk inn om gangen. Eg gjekk forbi begynnelsen av køen, og eg gjekk litt til, og litt til. Køen var cirka 50 meter lang bortover langs veggen, her skulle det handlast!

Sjølv kjøpte eg eit par enkle Levi's jeans, og eg trudde eg hadde ein sjanse til å kome ut av kjøpesenteret ganske så raskt, men den gang ei! Eg måtte stå i kø i 45 minutt... Kvinnene forann meg i køen hadde klippa ut uendeleg med kuppongar frå forskjellige magasin som dei trudde dei kunne bruka, noko dei ikkje kunne, og dei blei passe forargra på kassedama. Elles så hadde eg også ein times venting i kø på ein daglegvarebutikk (Obs! liknande butikk) saman med vertsmor og vertssyster. God bless America! This is America!

søndag 27. november 2011

Thanksgiving!

Thanksgiving var på torsdag, noko som var ein kjekk dag å ta del i, men eg byrjar med fotballkampane me spilte tidlegare i veka...

Laget mitt viste seg å vera heilt OK, me vann 6-1 mot den eine skulen, kor trenaren sjølvsagt kalla baklengsmålet våras for Kris (wonder why!?). Den andre kampen kjempa me oss til ein 0-0. Det var ein kamp mot ein skule som har dobbelt så mange elevar som oss, så det var ganske imponerande. Eg er for tida blitt midtstoppar, saman med han andre på laget som spelar fotball til vanleg, for trenaren likar å ha det sikkert i forsvaret. Eg spelar på lag med ein haug med folk som ikkje har peiling på kva dei gjere på ein fotballbane, så det er forståeleg nok!

Thanksgiving starta med at mange kom til huset våras. Paiane kom strømmande inn på rekkje og rad, og ein kunne kjenne lukta av kalkun. Det var mat kor enn ein snudde seg på kjøkkenet. Eg kan ta feil (mamma), men eg trur dette er første gangen eg har ete kalkun, noko som viste seg å ha veldig tørt kjøtt, men det var sjølvsagt vekke fortare enn ein kan sjå (teknisk sett er jo det umogleg...). Elles var søte (orange) poteter i form ikkje noko særleg å ete heller, men eg åt, og sjølvsagt svarte på mange typiske noregspørsmål (er alle blonde i Noreg, har dykk Thanksgiving i Noreg, kva for nokre heilagdagar har ein i Noreg, etc.). Alt i alt, eg synest det var kult å ha ein skikkeleg Thanksgiving, men den maten var eg ikkje så vane med (og nei, eg er ikkje ei pingla, og ja, eg ete alt sjølv om eg ikkje likar det)!

måndag 21. november 2011

Trøbbel med vaktar...

På fotballkampen i helga kom eg sjølvsagt i trøbbel med nokre vaktar. Fjamsen som eg er, gjekk eg sjølvsagt rundt på andre områder på tribunen kor eg ikkje hadde sitjeplass, noko som gav meg litt trøbbel til slutt, men eg kom meg ut or det. Eg gjekk ned på tribunen, slik at eg kunne ta skikkelige nære bildete av benken til Sverige, men når det var gjort, og eg skulle gå tilbake att til "plassen min", kor eg sat med nokre venar, så sto det ein stor vakt som så absolutt ville at eg skulle visa fram billetten min. Den var sjølvsagt i fotoveska mi, noko som igjen var med venene mine som satt fint på plassen. Eg konkluderte til vakten at eg måtte få tak i fotoveska mi, så han gav meg ein lavare gradert vakt, så eg fekk ein liten eskorte til plassen min. Deretter ville eg bli på den plassen, så eg sa at eg ville ta nokre bilete og stå der litt lengre. Då sa den lavare graderte vakten at eg måtte spørre vakten ved sida av som var ein skikkeleg vakt. Han såg på kameraet mitt, og så sa han ja, men vær rask. Eg tok meg no 45 minuttar før eg gjekk...





I morgon skal me spille ein treningskamp mot hatskulen våras, samtidig som eg må øva til tre prøvar, så blir ein hektisk dag, men på torsdag er det Thanksgiving!

søndag 20. november 2011

Fotballkamp!

På laurdagskvelden drog eg over til University Of Phoenix Stadium kor eg skulle sjå USA mot Sverige for kvinner.



Dette var ein vennskapeleg kamp, men dette er USA og heile 18500 kom for å sjå kampen, blandt anna møtte eg assistenttrenaren for fotballaget på skulen. Kampen var ganske daff, kor Sverige skora, og sjokerande var eg ståande heilt åleine, jublande, med mange stygge blikk som sikta mot meg. Det var nå litt kjekt å vera på svenskene si sida for denne eine gongen, høyrer at dei blir knust på langrennssida, så det var på sin plass og støtta dei litt.


Om desse her er fullblodige amerikanske menneske er noko eg ikkje ville ha satsa pengane mine på, men eit bilete var på sin plass!




Kampen dabba ut til og bli 1-1, men USA kjørte over Sverige heile andre omgangen. Eg hadde til og med ein liten samtale med USA sin verdskjente spiss, Abby Wambach, kor eg spurte ho om eg kunne få hårbandet hennar. Til svar kom ho med, "No, I need it!" Lite teit å si da! Men eg fekk keeperen til USA sitt hårband istadenfor, Barnhart, så det var no greit nok (ja, eg hadde kjempa meg til ein kjempegod plass mellom mange hysteriske jenter for og trenga meg på og ta nokre fine bilete frå fremste rad!). Her er også målskåraren for USA, Tobin Heath!

onsdag 16. november 2011

Varmen helde seg oppe!



Her i Phoenix er det fortsatt godt over 20 Celsius grader. Litt uvanleg for ein stordabu, men dogg godt å få oppleva! Herleg og fortsatt kunne gå rundt i t-skjorte og shorts.

I går fekk eg oppleva kor brutalt folk kjem til å takla i fotballkampar. Ein afrikanar på laget gjekk med knottane rett inn i ankelen min, heldigvis løfta eg foten så han ikkje klarte å treffa meg så hardt. Eg kunne dessverre ikkje reisa meg opp og sei noko til han, for han er like stor og rask som ein gorilla og ein tiger til saman!

I morgon er det aller siste avsluting med Cross Country laget, kor Coach skal snakke litt om alle og om korleis sesongen var. Dette er ein desertbankett, kor alle bringer ein desert.



Her er nokre bilder eg tok i helga!

søndag 13. november 2011

Hyttetur til Payson!

Eg blei invitert på hyttetur med familien Rader til Payson, ein liten småby to timar nord for Phoenix. Herr og fru Anderson var også med, saman med Logan og den brasilianske- og den italienske utvekslingsstudenten. Temperaturen i Payson var passe kald, men ein klarte seg godt om ein berre hadde ei jakke på seg. Me tok også ein liten spasertur, kor t-skjorte var nok å ha på seg (saman med bukse, sokkar, undebukser og sko, viss du lurte).






Elles fekk eg smake på både italiensk middag, brasiliansk middag. Sjølv stilte eg opp med smelta kokesjokolade inni bananer, noko spesielt norsk, nei... Kynisk? Ja! Litt dårlig gjort og ikkje stilla opp med noko særeget norsk, men me var der berre fredag, laurdag og søndag morgon, så kan ein ikkje ha middag meir enn to gongar.


Den brasilianske retten bestod av bønner, ris, kjøtt (med løk ved sida av) og salat. Absolutt noko å anbefala!


Den italienske retten var det forrett med sprøstekt fransk loff med småhakka tomatbitar og persille oppå. Så var det risotto, laga av kvitvin, bønner og ris, og til slutt var det kylling. Det smakte!




Alt i alt ein veldig vellykka tur, her er eit bilete av alle, untatt herr og fru Anderson.

onsdag 9. november 2011

Jobbings!

I morgon har eg både prøve i biologi om DNA og prøve i historie om krigen mellom Amerika og Mexico. I dag hadde eg prøve i matte, så for tida går det prøvar under i rykande fart.

På trening i dag hadde trenaren ein ny stygg kommentar til ein av spelerane som bere på litt for mykje rundt hofta. Han var forsvarar og ein spelar kom mot han men stoppa opp. Då sa trenaren; "Du må få fart i spillet ditt, Robert blir jo endå feitare der han står!" Elles så fekk Robert ein advarsel, visst han ikkje prestere i morgon blir det degradering. Trenaren er som sagt ein politimann, som for tida prøvar å erta meg med hanekammen min.

tysdag 8. november 2011

Klein middag, det kan det kallast!

Etter ein normal dag med skule, avslapping hos ein kompis og ei fotballøkt hadde det seg slik at vertsbroren min skulle vera så uheldig (eller berre dårleg til å køyre) og rygga inn i ein parkert bil på parkeringsplassen på skulen. Dette her var ikkje ein kva som helst bil, men ein Mustang '69, noko ein berre ikkje yppar seg med. Skal seiast at det var mange distraksjonar ute og gjekk, blandt anna nokre gutar frå fotballaget.

Det var tid for middag, og vertsfaren hadde berre nemnt ein setning om krasjet, så me satt der, vertsbror og vertsfar (vertsmor er i Texas ein tur), og eg og vertsbroren berre sat og venta på kva tid utblåsninga skulle skje. Den skjedde etter middagen var unnagjort, ein middag kor eg spurte om alle slags merkelege ting eg allereie visste svaret på...

Så kjem utropstegnet for dagen (!), sjølvsagt er det forståeleg at ein må vera 18 år i Noreg for å køyre bil!

måndag 7. november 2011

Fotballen er ikkje det samme...

Det har nå seg slik at det å spilla fotball ikkje er så enkelt når ein er født og oppvokst i Amerika. Heldigvis har mange meksikanerar teke turen over grensa og bosatt seg her i Arizona. Dette gjer at fotballaget på skulen er litt betre enn det kunne ha vore. For tida prøvar trenaren å finne ut kven av spelarane som er gode nok, og kven som kan gløyma å spilla fotball dette året. Ein kompis av meg måtte ta eit val etter treninga. Trenaren sa til han: "Vil du vera manager, eller vil du sitja på benken heile sesongen med drakta på?" Han takka nei til begge. Trenaren er ein politimann som er stor i kjeften, veldig stor! Heldigvis kan han ikkje seia for mykje til meg sidan eg faktisk kan spilla fotball, medan nokre andre får gjennomgå meir enn kva nødvendig er. Forståeleg når ein bruker tid på ubrukelege fotballspelarar. Eg hadde eit brukandes hardt skot på treninga som overbeviste trenaren nok til at eg er ein europeisk fotballspelar. Han sto på ei side inne i målet, så kva er ikkje meir motiverande enn å dundre av garde eit skot i den retninga for å stoppa alt det ubrukelege som kjem ut av munnen hans. Elles så hadde me to timars trening, kor 45 minutt var brutal springing med mange øvelsar til, her kalla "Ninja", men eg skal no overleva!

laurdag 5. november 2011

Siste løp i karrieren!

Då var det siste løpet i Cross Country karrieren min over. Det enda med ein 36. plass av 175 løparar. Dette var kun dei beste løparane i Arizona, men eg kunne ha gjort det bedre. Starta alt for hardt dei første 1600 meterane med 5:06 min. Dette gjorde at eg sprang med stive bein halve løpet, rutinert av meg! Som lag fekk med 4. plass, på grunn av at fleire enn berre meg hadde ein dårleg dag. Dette er den andre medaljen eg har gått glipp av i alt, gjennom heile sesongen.


Fann ellers ut at etter eg ankom U.S. så har eg sprunge rundt 500 miles i alt, noko som er rundt 800 kilometer på ikkje fulle tre månedar, det vil tilseia rundt 160 miles (256 kilometer) minst kvar månad, rundt 40 miles (64 kilometer) i veka. Som du sikkert klok prøvde å vera med å rekna litt her og finna ut at reknestykke ikkje går opp, det er på grunn av at eg har sprunge veldig mykje nokre veker, lite nokre andre veker og passe mengde nokre andre veker.




På torsdag fekk eg utnemnelsen som "Oktober sin beste mannlege idrettsutøvar" på skulen. Ganske stas, når det er over 600 andre gutar på skulen!



Endeleg står europeisk fotball for tur =D

torsdag 3. november 2011

Hanekam!

Då var tida komen då me måtte skaffa oss hanekam før laurdagens løp. Kan med ein gong stadfesta at det er veldig uvant og ikkje ha noko langt hår å dra fingrane igjennom. Frisøren, som er ein ven av familien, kom til baksida av huset våras og tok til med å kutte. Skal tilføye at det er behageleg å ha kort hår (i alle fall på sidene). Eit før og etter bilete er vel obligatorisk å ta med! Kva kan ein seia? Annerledes er det, men trur eg tar resten i løpet av helga!

onsdag 2. november 2011

Knask eller knep!

Halloween var sånn passe skummelt. Nokre plassar kunne eg treffa på vaksne menneske med heilt ufatteleg skumle kostymar. Fekk nok godteri etter å ha spasert rundt i eit nabolag i tjue minuttar. Det som var høgdepunktet for kvelden var når me kom til ein mann og han sa:"Did you guys drive her, or what?" Ein kompis svara:"No, we are 11 years old!" Så kom den lille frekke kommentaren frå mannen: "It's not your IQ I asked about!" Ein lått som varte kvelden ut!

Elles så er det mitt siste Cross Country løp eg har i vente på laurdag. Me har faktisk sjanse til å vinna, saman med fire andre lag. Eg slite litt med beina, men kan ikkje vera noko anna enn klar til laurdag, då gjelde det å vera klar om du er klar eller ei!