søndag 8. april 2012

Paaske! =)

Denne veka har eg brukt til aa komme meg i form igjen og faatt meg date til "prom" (ballet). Den har vore travel, saa lite blogging.

Paa onsdag drog eg paa baseballkamp igjen, trur eg kan det meste om den sporten no. Laurdagen saa var det opp foer sola klokka 6:15 for aa komma i tide til fotballkampen. Der spilte eg spiss, kor me vann 3-0, og eg hadde tre assist, burde hatt fira daa eg sendte ein aleina med keeper, men paa den andre sida saa skulle eg ha scort iallefall to.

Det er ikkje den stoerste paaskestemninga her, berre sola er gul. Ingen ferie er det heller! Men eg skal i kyrkja, saa faar eg haape at stemninga kjem.

I loepet av bilvasken eg var med paa, saa tok eg ein sparkesykkel og "koeyrde" gjennom "Drive Thru" koeyr igjennom butikken paa utsida" paa Burger King, og heldigvis fekk eg "strawberry and banana smoothie" (bringebear og banan skvist i saman) som smakte aldeles bra i over 30 grader!
"Scooter" (sparkesykkel), mitt koeyretoey!

søndag 1. april 2012

Alt blir kos

For tida har eg hatt bronkitt og eit virus i kroppen som har gjort det litt trasig! Eg har mista friidrettsformen totalt, men det er berre til å jobba vidare.

Det er ingen påskeferie her i USA, men når eg kan sitta ute på ein søndag i 30 grader pluss og i tillegg ha heimalaga fersk appelsinjuice, så er livet godt og bra!

På lørdag måtte eg jobba dugnad. Då hjalp eg til med bilvask, kor me samla pengar inn til ein av lærarane sin sønn. Han skal sykla USA på tvers og treng då pengar å donera til barn med hemningar. Eg stod nå i singlett, brukte solkrem for andre gang sidan eg kom til Arizona, og sjølvsagt fekk eg singlettmerker! Kult, ja det er det.

Håpar dykk alle har ein fantastisk påskeferie, så snakkast me rundt hjørna!