tysdag 29. mai 2012

Nærme seg heimreise!

Vel, det har vore ei stund sidan sist eg har blogga, mykje på grunn av at det tok litt for mykje tid! Men, skal her prøva meg på ei god oppsumering.

I løpet av april var det prom, noko som var ganske så kjekt. Hadde også ein lang sesong med friidrett, kor beste tida mi blei på 2.02 på 800m og 5.06 på 1600m, endå eg ikkje pressa meg på 1600m.

Etter det så sprang eg stafett på 800m kor me blei etne opp. Eg har hatt ein skade i ei tid no, sidan eg deltok på klubbfotball og spelte statcupen der også, kor eg fekk eit spark i leggbeinet i løpet av gruppespelet så endå ikkje har grodd heilt tilbake, så eg kan ikkje gjera kvikke bevegelsar uten å kjenna skaden. Scorte forresten som spiss fira mål i ein omgang i den cupen!

Så kom foreldra mine ein tur, noko som var kjempekjekt! Eg koste meg, og me dro til Sedona, Flagstaff og Grand Canyon, noko dei syntest var fine stader å besøka. Har også ein film frå Grand Canyon! Elles var eg i Los Angeles i helga på cup kor eg storkoste meg. Me var påstranda heile søndagen, og bølgene var store! Sjølv utan brett kunne eg sitta på med ei bølga for 25 meter. Det var også ei bølga som traff meg ganske så godt i bakhovudet! Om eg hadde kontroll, neida, men gøy var det då bølga tok meg av garde.

Eg er ferdig på skulen og "graduation" er på torsdag.

Turen heim startar kl 6 om morgonen den 4. juni og eg kjem til Noreg den 5.

Så då sjåast me snart!

søndag 8. april 2012

Paaske! =)

Denne veka har eg brukt til aa komme meg i form igjen og faatt meg date til "prom" (ballet). Den har vore travel, saa lite blogging.

Paa onsdag drog eg paa baseballkamp igjen, trur eg kan det meste om den sporten no. Laurdagen saa var det opp foer sola klokka 6:15 for aa komma i tide til fotballkampen. Der spilte eg spiss, kor me vann 3-0, og eg hadde tre assist, burde hatt fira daa eg sendte ein aleina med keeper, men paa den andre sida saa skulle eg ha scort iallefall to.

Det er ikkje den stoerste paaskestemninga her, berre sola er gul. Ingen ferie er det heller! Men eg skal i kyrkja, saa faar eg haape at stemninga kjem.

I loepet av bilvasken eg var med paa, saa tok eg ein sparkesykkel og "koeyrde" gjennom "Drive Thru" koeyr igjennom butikken paa utsida" paa Burger King, og heldigvis fekk eg "strawberry and banana smoothie" (bringebear og banan skvist i saman) som smakte aldeles bra i over 30 grader!
"Scooter" (sparkesykkel), mitt koeyretoey!

søndag 1. april 2012

Alt blir kos

For tida har eg hatt bronkitt og eit virus i kroppen som har gjort det litt trasig! Eg har mista friidrettsformen totalt, men det er berre til å jobba vidare.

Det er ingen påskeferie her i USA, men når eg kan sitta ute på ein søndag i 30 grader pluss og i tillegg ha heimalaga fersk appelsinjuice, så er livet godt og bra!

På lørdag måtte eg jobba dugnad. Då hjalp eg til med bilvask, kor me samla pengar inn til ein av lærarane sin sønn. Han skal sykla USA på tvers og treng då pengar å donera til barn med hemningar. Eg stod nå i singlett, brukte solkrem for andre gang sidan eg kom til Arizona, og sjølvsagt fekk eg singlettmerker! Kult, ja det er det.

Håpar dykk alle har ein fantastisk påskeferie, så snakkast me rundt hjørna!

søndag 25. mars 2012

Byar!



San Francisco er den vakraste byen eg har vore i. Den har havn, sjokoladefabrikken Ghirardelli, fantastisk bybane og ikkje minst brua Golden Gate Bridge! Heilt utmerka, i tillegg til utsikt til Alcatraz, så er denne byen så koseleg at kven som helst kan ha leva eit liv med berre gode dagar der. Eg trivdest der med andre ord!

Las Vegas
Las Vegas derimot, eg byrjar å bli lei denne byen. Har vore der to gongar, og det er sjølvsagt kult å vera der, men Las Vegas er, unskuld uttrykket, som ei stygg hora, berre fin om natta! Denne byen er det styggaste av alle ting i løpet av dagen, og om natta er lysa og hotella fantastisk å sjå på, sjølv om eg er for ung til å bruke nokon slantar der.
Sentrum LV

Denne helga hadde eg som sagt tidlegare ein fotballcup. Me kom på fjerdeplass, men sidan eg var sjuk spelte eg berre to av fira kampar, men eg scorte 1 mål.

onsdag 21. mars 2012

På skulen har ...

  • det til no vert to jenteslosskampar mens eg har vore her, såg den eine, kor ei jenta mista ei god håndfull med hår (det var liggjande på bakken).
  • eg faktisk holdt narkotika i handa, så enkelt er det å skaffa seg, men personen som eigde det lova meg å slutta kommande veka!
  • dei faktisk egen homseklubb.
  • eg fast lunchbord, ute i sola, ingen yppar med plassen min, og det er ein grunn for at eg er brun i nakken.
  • sannsynlegvis truffe over halve europas nasjonalitetar.
  • eg tre trenarar i gym, to av dei har donutsmage: "I ran to the fridge to get my donut, so I could walk back!"
  • eg ikkje vore for sein til ein einaste time!
  • det alltid vore nokon innpå toalettet før meg å røyka. Sjølv om det er tre toalett, så er dei alle røykfyllte!
  • eg gymskap mellom ein bosniar og ein meksikanar.
  • eg lært å spela flickerball, pickleball, racketball, football, basketball og baseball.
Det var nokre fakta om skulen min.

Solnedgangen i Grand Canyon!

For tida har eg eit virus i meg og eg har bronkitt! Uansett, i morgon drar eg til Las Vegas. Ser ikkje ut til at eg får spela sjølv i den fotballcupen, men kjekt blir det likavell =)

måndag 19. mars 2012

Baseballkamp!

I dag har eg vore på baseballkamp! Det var San Fransisco mot San Diego. Sistnemnde drog seieren i land etter ein kamp med sol, haggel og regn. Overraskande nok, men akkurat no er det ein storm som har kome inn til Arizona, men kan ikkje klaga på å føla regnet igjen. Sidan ho eina eg var på kamp med har ein far som er inne i baseballsystemet, så fekk eg liksågodt ein caps! GIANTS, SanFransisco!

Elles helde eg på med å lasta opp bilete på dataen min frå turen slik at eg kan få dei her seinare. Uansett, her er ein song som eg følar er ein nagisk song! Stay tuned!
Den er kanskje gammal, men nagisk!

laurdag 17. mars 2012

Comeback!

Eg gløymde ladaren min i LA, noko som førte til bloggstopp for ei lita stund. Men no er eg tilbake, til og med med film, håpar eg! Mange bloggar i løpet av veka ettersom eg har mykje å fortelje om, i tillegg har eg Spring Break =)

Berre ein grei start å starta filmkarriera, blir kjekkare og meir spennande neste gang, men no får ein iallefall sett nabolaget!