tysdag 31. januar 2012

Comeback!


Då var det comeback både her på bloggen og på fotballbanen. Det har skjedd noko sidan sist gang eg blogga, blandt anna har me kome til kvartfinalen i statsmesterskapet.

Det var onsdag kveld, og me ville gjerna vinna ein fotballkamp mot Sunrise Mountain for å få ein høg ranking i staten (enda som nummer 4). Me hadde surra det litt til i denne kampen, og til pause stod det 1-1. Dette var ingen fornøgde med, så me bestemte oss for å kjempa hardare i andreomgangen (ja, det laget som kjempar best vinn her borte, ikkje masse teknikk å skryta av)! Fjorten minuttar ut i omgangen ser eg ein høg ball komande inn. Det stod ein svær spiss forann meg (eg spilte midtstoppar), men han bevega seg ikkje, så den ballen var no min, tenkte eg i alle fall. Sidan eg ikkje såg nokre andre medspelarar rundt meg, gjekk eg fram og hoppa opp. BANGOGALLERARELYDAR. Ein medspelar som eg ikkje hadde sett (fordi han stod forann den svære spissen) hadde hoppa bakover for å rekkja ballen. Eg vann hovudduellen. Me låg begge på bakken, eg snudde meg, dommaren hadde ikkje ein tanke på å blåsa av, sjølv om begge haldt seg til hovudet. Etter 5 sekund blåste han, virka som ein evighet. Eg hadde rukke å sett bort på medspelaren min, han blødde tydelegvis. Så kom den store, svarte spissen våras bort til meg og glodde før han sa, "Bro, you are bleeding, bro!" Takk for informasjonen, tenkte eg med meg sjølve. Kjente at auga hadde fått seg ein trøkk, det hadde nasen også, for det rann ein heftig flom ut av nasen. "Skuledoktoren," ei kvinna, kom bort og sa at eg måtte bøya meg litt fram så eg ikkje fekk blod på drakten min, som om det hadde noko å seia då det blødde som mest. Deretter kom eg ut på sidelinja og var passe irritert fordi eg ikkje kunne spilla meir.

Tirsdag var det ein stor fotballkamp for oss. Me møtte Prescott HS. Eg, som hadde ein brukken nase, måtte sjølvsagt spilla med maske (bilete kjem seinare). Dette gjorde det umogleg for meg å sjå på ballen og spelet rundt meg samtidig. Etter fem minuttar fekk med ein i fleisen. Men me reiste oss, og eg var tredje sist, hadde ein asssist, og eit mål. 3-1. Etter 20 minutt på vingen fekk eg frimerke på meg resten av kampen, passe irriterande, men klarte å scora på ein heading, sjølv med maske på. Hadde elles nokon feite sjansar på hovudet, men det var ikkje lett å kontrollere med maske. Krampa kom godt i denne kampen, i alle musklar.

Piece out, be out of trouble! Litt meir frå skadehistorien kjem kanskje seinare

søndag 22. januar 2012

Bloggstopp...

No sitje eg her i senga med katten attmed som vaskar seg. Veka har har gått fort. På fredag klarte fotballaget å vinna 3-0, eg hadde blandt anna eit fint mål, skudd fra 18 meter, reint treff! Denne veka har me kamp mandag, tirsdag og onsdag! Det blir ei travel veka, men skal bli godt å gjennomføra den òg, har blandt anna 30 ord i biologien eg må kunna uttrykka for.

På laurdagen så drog med på landslagskamp. Det var ein vennskapleg kamp mellom USA og Venezuela. Det viste seg å vera ein utruleg dårleg kamp, mykje grunna at MLS sesongen er øve, så dei valde å bruka mange heimlege spelarar. Kampen skulle visa seg å dabba ut i 0-0, så me bestemte oss for å gå ut til bilen, slik at me ikkje måtte stå i bilkø slik me gjorde då me ankom stadionet (det var ishockeykamp i nabostadionet). Då me gjekk ut i det 90ende minutt, så klarte sjølvsagt USA å scora på overtid. Det var ein vanvittig dårleg kamp, så eg brydde meg egentleg ikkje så mykje om det eine målet, for dei spilte på nivå med den norske Adeccoligaen.

Sidan det berre er litt over ei veka til februar, så tenke eg meg at eg tar meg ein bloggpause til februar. Skal prøva å gjera bloggen litt betre, blandt anna kanskje skaffa meg eit videokamera!

Så snakkes me i februar då =D

torsdag 19. januar 2012

Spanande fredag!

Denne veke har gått fort for seg. På tirsdag hadde me ein kamp som viste seg å bli ein skikkeleg spennande kamp, med eit lag som kunne spilla fotball, og eit som kunne søppelfotball. Etter ein forferdeleg start, var me under med 2-0, men me klarte å scora eit mål før pause. Denne gangen var det faktisk over 60 personar på tribunen, men ein del gjekk etter at me var under med to mål. I andre omgang kjempa me oss tilbake i kampen og sleit oss inn til 3-3 og ekstraomgangar var i vente. Det var null mål den første ekstraomgangen på 10 minutt, men den andre omgangen putta me inn 3 mål og vann 6-3. Eg putta det siste målet på eit straffespark, sikkert som banken (ikkje den greske). Bonusen var at me stoppa kjeften på alle dei frekke kommentarane frå foreldra til motstandaren, heilt vanvittig kva dei slenger ut her i Amerika, vaksne menneskjer.

På onsdag gjekk eg på ein førpremiere på "The Dictator," ein film som ikkje kjeme ut før til sommaren. Her måtte eg gjennomgå ein sikkerhetstest. Det var ikkje lov til å gå inn med noko form for kamera, ergo, eg måtte bli kvitt mobiltelefonen min. Eg fant ein ketchuptube-haldar, gravde ned til botnen før eg la mobilen oppi og tok alle tubane tilbake på plass. Heldigvis fann eg den då filmen var ferdig. Denne filmen var hysterisk morsom, men fekk litt dårleg samvittighet av alle dei rasistiske vitsane som var i den. Det einaste eg kan sei om denne filmen var at diktatoren "drepte" alle som kom i sin veg (det viste seg at dei ikkje blei drept alikevell), og at er absolutt verdt å sjå til sommaren.

Fredag er i vente, og me har ny kamp og kan bli ubeseira med 9 seirar. Me håpar å få over 100 på tribunen denne gangen, skal vera mogleg! Me slo dette laget/skulen tidlegare i sesongen =)

måndag 16. januar 2012

MLK dag!

I dag har det vore Martin Luther King dag her borte, noko som gjer at eg har hatt fri i dag! Dagen har gått med til lekser og fotballtrening og litt sløving. Ei ny veka står for tur, så då er det berre til og henga med i svingane. Har også to kampar denne veka, i morgon mot laget me slo i ein straffekonk for ein månad sidan.

Været her borte er fortida ganske stabilt, med solskinn midt på dagen. Forskjellen frå dei varmare dagane er at det er kaldt om morgonen, sidan sola står seint opp.

Køyretimen!


Køyretimen gjekk som smurt, og eg suste rundt i Phoenix. Blandt anna tok eg turen på Freewayen i 120 km/t, noko som var kjekt å prøva ut. Eg hadde ein fin prat med køyrelæraren min gjennom heile turen, og plutseleg fekk eg ein kjekk opplysning frå han som bygde resten av turen og dei mange spørsmåla eg spurte han.



Det viste seg at denne mannen var ein tidlegare profesjonell tennisspelar frå Sør-Afrika på 70-tallet. Hans høgste verdsranking var nummer 24, noko eg søkte opp då eg kom heim. Han hadde reist rundt over alt, bokstaveleg talt, og hadde blandt anna slått Björn Borg på ein innandørsbane i San Fransisco og hadde nokre andre kampar mot han også. Andrew likte London og Wimbledon godt. Denne turen var veldig lærerik, angåande livet hans, for køyringa mi var strøken og fin sa han. Godt er at eg har tre timar igjen med han, så nye spørsmål skal bli besvart.





Her er bilete som blei teken rett før start då me sprang det siste løpet med Cross Country-laget.





laurdag 14. januar 2012

Lite tid, litt søvn!

Dette semesteret har eg som mål å sova meir enn kva eg gjorde i det første semesteret. Første veka er øve etter juleferien, og eg har til og med fri på mandag.

På tirsdag vann med mot Moon Valley, 3-0 i ein skikkeleg dårleg kamp. På torsdagen derimot vann me etter straffekonk etter ein to slitsamme ekstraomgangar. Eg satte min sikkert. Me blei egentleg overkjørt heile kampen gjennom, og eg fekk den verste pausepraten av ein trenar eg nokon sinne har fått. Det berre hagla av stygge ord og nye uttrykk fekk eg lært meg. Men me vann, og er fortsatt ubeseira i serien med 7-0 i kampar.

Veka har gått fort, og på fredagen var eg med lederskapklassen heile dagen, kor me drog på ein konferranse, og eg måtte opp 5:30 den dagen... Me framførte ein dans, og eg hadde skaffa meg ei knappebukse, så eg drog buksa av i løpet av dansen.

No skal eg ut å køyre med ein køyrelærar, må ha 6 timar med han, 3 nå og 3 i mai!

måndag 9. januar 2012

Kvardagen!

Då var det tilbake til kvardagen! I morgon må eg opp klokka 6 sidan skulen byrjar klokka 7. Nytt for dette semesteret blir å ha vektløftingsklasse. Det skal bli spennande. Etter å ha hatt juleferie ei veka lenger enn eg er vane med, skal det bli greitt å koma seg tilbake til skulepulten. Mindre enn fem månedar igjen, noko eg skal nyta! I morgon er det fotballkamp mot hatskulen Moon Valley, eit lag me bør slå, men det er opp til midtbana våras å ta tak i.

I dag har eg vore litt sjuk, sår i halsen, men det har gått øve. Eg gjekk på fotballtrening i dag alikavell, og kommentaren frå trenaren var "get your titties off, Norway!" Heldigvis er eg frisk som ein fisk etter å ha drukke mykje vatn, det enklaste er ofte det beste, pluss tre tablettar.

laurdag 7. januar 2012

Tucson var gøyleg!

I Tucson overraska me vertssystera med å sjå konkurransen hennar, noko som førte til at ho starta å grina. Så glad. Medan me var der nede, budde med på ein av luftforsvarets basar (hotell). Her var det blandt anna eit treningssenter, kor me koste oss med å spilla basketball. Laurdagen brukte me på å vitja ei katolsk kyrkja før me drog heim (visar bilete frå det ein anna dag). Men det morsomste som skjedde var når me var på stupe- og svømmestemnet, rettare sagt, rett etter.

Ben og eg kjeda oss etter at stemnet var over, og Arizona Stadium var rett ved sida av. Denne amerikanske footballstadionet har plass til heile 58000 menneskje, noko som er verdt å besøka. Dette er kor "hat college" til ASU (Arizona State University) har heimekampane sine (University of Arizona). Me fann oss eit smutthull, så me tok sjansen og sprang inn. Plutseleg høyrte me eit nøkkelknipe lage lyd, noko som fekk fart i beina på oss. Heldigvis tok me sjansen og gjekk tilbake. Det var ganske vilt å vera nede på banen og sjå opp på alle dei sitteplassane. Storskjermen var meir enn stor nok, følte meg litt liten der nede.











Vil ønskje min kjære mamma så mykje til lykke med dagen, 61 år er ingen alder! Håper pakken kjem i morgon!

PS! Sidan det er Manchester derby denne søndags morgonen, skal eg faktisk prøve å sjå kampen "live," noko som betyr at eg må vera oppe kl 6... Skal sjå om det skjer!

torsdag 5. januar 2012

Enda litt ferie!

Sidan eg fortsatt har ferie, så tok eg turen med ein kamerat på ein kino. Sidan dette er USA, så er det mange, mange filmar å velgja mellom heile tida, kvar einaste dag. I dag såg eg Mission Impossible, noko som var ein meget underhaldane film, eg koste meg. Denne kompisen er også kompisen eg pleiar og gå å handle med. Me var alt for tidleg ute til kinoen, så me gjekk å handla litt. Han kjøpte eit par sko frå Vans medan eg kjøpte ein genser frå Vans.




Sola skinn voldeleg mykje her for tida. Me hadde fotballtrening i dag kor mange av dei utrente gutane på laget var meir enn berre slitne. Dei spydde etter vatn og hadde ikkje store lysta til å spille. Eg derimot, eg koste meg. Me spelte imot toarlaget, noko som var ein relativ enkel jobb.



I morgon er det av stad til Tucson for å sjå vertssystera mi stupa. Ein anna storby i Arizona skal få smake på meg (eller omvendt)!

onsdag 4. januar 2012

Fortsatt fri!


Av ein eller anna grunn har eg juleferie heilt til 9. januar. Dette synest eg er ganske greitt, for då får ein slappa av akkurat nok. I dag hadde me folk over for å øva til ein dans som me skal framføra framfor andre skular på ein samankomst (kor skular utveksler idear, kva ein kan gjere for å gjere skulen betre). Etter det, sparka eg litt fotball i bakgården våras, mata hestane til naboen med appelsinar og hissa nabogeita Jack opp litt.

For nokre dagar sidan var med i ein meksikansk del av byen, kor det er mykje lys og skimta. Denne plassen er kalla Glendale Glitters. Her er eit bilete saman med vertsbror og vertssyster, samt Mary som var på besøk frå Virgina og bestevennen våras, Kayla. Eg byrjar å bli lei av alle desse lysa som er rundt om kring no, og her i huset er juletreet alt teken ned.

tysdag 3. januar 2012

Nyttårsafta!

Nyttårsafta her feira eg saman med andre utvekslingsstudentar. Me var på besøk hos ein frå Belgia. Der var mesteparten brasilianerar, så det gjekk mykje i portogeisk. Fekk også sjå borgermester Bloomberg kyssa med Lady Gaga og at ei kula datt ned (på TV frå New York).

På denne festen traff eg blandt anna ein frå Saudi-Arabia. Me falt fort inn i ein lang samtale, sjølvsagt om økonomi, livsstil og fremtidige planar. Trur eg traff min fremtidige forretningspartner. Han sa at han levde greitt, det vil sjølvsagt inkludera tenarar, stort hus, mange bilar og andre kjekke ting å ha. Faren hans er forretningsmann, og han vil bli som far sin. Han bur til vanleg i hovudstaden Riyadh, som huser 8 millionar innbyggjerar. Det morsomme er at han liknar på ein frå "Party Rock Anthem" sin musikkvideo! Dei to jentene på bilete er frå Brasil og Italia. Eg går på samme skule som dei og me har alle to klassar i saman. Vanlegvis er det me som snakkar saman om korleis livet er her borte over "pytten."