På fotballkampen gjekk me på hovudet ut etter
nokon store blemmer i forsvaret, og når keeperen våras gjer sin verste kamp for sesongen, så var det greitt å tapa 5-0. Me holdt nullen i andreomgangen då eg var tilbake på midtstopparplassen.
nokon store blemmer i forsvaret, og når keeperen våras gjer sin verste kamp for sesongen, så var det greitt å tapa 5-0. Me holdt nullen i andreomgangen då eg var tilbake på midtstopparplassen.Seinare på kvelden, etter ein tur på Yogurtini, ein plass kor du vel yogurt og kva du vil ha på som sjokolade, blåbær og jordbær, blei eg invitert på ein Phoenix Suns kamp, noko eg sjølvsagt takka ja til. Det var co-captain på fotballaget som tok meg med. Me satt godt oppe i høgda, så dei svære tometermennene såg ikkje så store ut lenger. Det var mykje jubling i hallen gjennom heile kampen, og dei vann! 95-89 visst eg ikkje tek heilt feil. Klarte til og med å få ei t-skjorte, slike som dei kastar ut til publikum heile tida. Kjekt var det!
For tida har eg eit type plaster på nasa som skal få hevelsen til å gå ned. Trur det hjelper på, men er ikkje heilt sikker. Men barskt er det!
Teipen, eller plasteret, ligne på det som skiskyttarane måtte bruka som beskyttelse mot kulden då dei gjekk renn for ikkje lenge siden. Så ja, temmelig barskt Kristian!
SvarSlett