onsdag 21. mars 2012

På skulen har ...

  • det til no vert to jenteslosskampar mens eg har vore her, såg den eine, kor ei jenta mista ei god håndfull med hår (det var liggjande på bakken).
  • eg faktisk holdt narkotika i handa, så enkelt er det å skaffa seg, men personen som eigde det lova meg å slutta kommande veka!
  • dei faktisk egen homseklubb.
  • eg fast lunchbord, ute i sola, ingen yppar med plassen min, og det er ein grunn for at eg er brun i nakken.
  • sannsynlegvis truffe over halve europas nasjonalitetar.
  • eg tre trenarar i gym, to av dei har donutsmage: "I ran to the fridge to get my donut, so I could walk back!"
  • eg ikkje vore for sein til ein einaste time!
  • det alltid vore nokon innpå toalettet før meg å røyka. Sjølv om det er tre toalett, så er dei alle røykfyllte!
  • eg gymskap mellom ein bosniar og ein meksikanar.
  • eg lært å spela flickerball, pickleball, racketball, football, basketball og baseball.
Det var nokre fakta om skulen min.

Solnedgangen i Grand Canyon!

For tida har eg eit virus i meg og eg har bronkitt! Uansett, i morgon drar eg til Las Vegas. Ser ikkje ut til at eg får spela sjølv i den fotballcupen, men kjekt blir det likavell =)

2 kommentarer:

  1. Morsomt innlegg!! God tur og god bedring:) den dyre medisinen gjør nok susen;)

    SvarSlett
  2. God tur! ikkje spill vekk alle pengene dine på casino :P

    SvarSlett

Sleng ein kommentar inn om du vil, det er berre koseleg! ;)