For tida har eg hatt bronkitt og eit virus i kroppen som har gjort det litt trasig! Eg har mista friidrettsformen totalt, men det er berre til å jobba vidare.
Det er ingen påskeferie her i USA, men når eg kan sitta ute på ein søndag i 30 grader pluss og i tillegg ha heimalaga fersk appelsinjuice, så er livet godt og bra!
På lørdag måtte eg jobba dugnad. Då hjalp eg til med bilvask, kor me samla pengar inn til ein av lærarane sin sønn. Han skal sykla USA på tvers og treng då pengar å donera til barn med hemningar. Eg stod nå i singlett, brukte solkrem for andre gang sidan eg kom til Arizona, og sjølvsagt fekk eg singlettmerker! Kult, ja det er det.
Håpar dykk alle har ein fantastisk påskeferie, så snakkast me rundt hjørna!
Alt blir kos! Morsomt at du har fåt singlettskille. :P D forsvinne nok før du komme hjem i sommar! Ingen påskeferie på meg heller ennå.. E i Bergen og jobbe til og med torsdag. Så blir d ferie, Stord, hytta, Røldal, mormor + fam, bursdagsfeiring,venner m.m.. Sko gjerna hatt deg me! Men påske feires vell hos dåkke og? fri 1 og andre påaskedag? DU e heldig som har påskesol!! B-)
SvarSlettPåskeklem fra E.