tysdag 29. mai 2012

Nærme seg heimreise!

Vel, det har vore ei stund sidan sist eg har blogga, mykje på grunn av at det tok litt for mykje tid! Men, skal her prøva meg på ei god oppsumering.

I løpet av april var det prom, noko som var ganske så kjekt. Hadde også ein lang sesong med friidrett, kor beste tida mi blei på 2.02 på 800m og 5.06 på 1600m, endå eg ikkje pressa meg på 1600m.

Etter det så sprang eg stafett på 800m kor me blei etne opp. Eg har hatt ein skade i ei tid no, sidan eg deltok på klubbfotball og spelte statcupen der også, kor eg fekk eit spark i leggbeinet i løpet av gruppespelet så endå ikkje har grodd heilt tilbake, så eg kan ikkje gjera kvikke bevegelsar uten å kjenna skaden. Scorte forresten som spiss fira mål i ein omgang i den cupen!

Så kom foreldra mine ein tur, noko som var kjempekjekt! Eg koste meg, og me dro til Sedona, Flagstaff og Grand Canyon, noko dei syntest var fine stader å besøka. Har også ein film frå Grand Canyon! Elles var eg i Los Angeles i helga på cup kor eg storkoste meg. Me var påstranda heile søndagen, og bølgene var store! Sjølv utan brett kunne eg sitta på med ei bølga for 25 meter. Det var også ei bølga som traff meg ganske så godt i bakhovudet! Om eg hadde kontroll, neida, men gøy var det då bølga tok meg av garde.

Eg er ferdig på skulen og "graduation" er på torsdag.

Turen heim startar kl 6 om morgonen den 4. juni og eg kjem til Noreg den 5.

Så då sjåast me snart!

1 kommentar:

Sleng ein kommentar inn om du vil, det er berre koseleg! ;)