Sidan
eg fortsatt har ferie, så tok eg turen med ein kamerat på ein kino. Sidan dette er USA, så er det mange, mange filmar å velgja mellom heile tida, kvar einaste dag. I dag såg eg Mission Impossible, noko som var ein meget underhaldane film, eg koste meg. Denne kompisen er også kompisen eg pleiar og gå å handle med. Me var alt for tidleg ute til kinoen, så me gjekk å handla litt. Han kjøpte eit par sko frå Vans medan eg kjøpte ein genser frå Vans.
Sola skinn voldeleg mykje her for tida. Me hadde fotballtrening i dag kor mange av dei utrente gutane på laget var meir enn berre slitne. Dei spydde etter vatn og hadde ikkje store lysta til å spille. Eg derimot, eg koste meg. Me spelte imot toarlaget, noko som var ein relativ enkel jobb.
I morgon er det av stad til Tucson for å sjå vertssystera mi stupa. Ein anna storby i Arizona skal få smake på meg (eller omvendt)!
Fin genser! God tur :)
SvarSlett