torsdag 11. august 2011

Hei USA

Hei! Nå har eg nettopp vakna, etter 7 timar herleg søvn. Vel litt om reisen! Som ei reisa hør og bør, så klarte reisa mi å begynne med litt trøbbel! Eg hadde gjort alt rett og funne min gate med ein gong. Etterkvart synest eg at det var litt rart at det framleis sto Roma på skjermen når det gjensto eit kvarter - ergo eg måtte gjera noko, og heldigvis, etter nokre spørsmål fann eg rett gate og kunne gå ombord!

Vel framme i Stockholm, spurte eg igjen ein vakt kor eg kunne gå, men han sa "Du måste SPRINGA!". Eg la meg ut på ein svett joggetur til andre sida av flyplassen, og blei sittande ved sida av ein som heitte noko med Paahnaang, truleg aner frå India! Vel, etter ein og ein halv time på flyet, av 8, måtte det skje! "Skjermen min" blei øydelagt, vel, han sto i alle fall på "Loading, please wait..." resten av turen!















Ved ankomst i Chicago var det ein del papir eg måtte fylla ut, og politibetjenten eg blei sjekka av, hadde sjølvsagt ein kompis/kollega som venta på han, ergo, masse stygge blikk til meg og "What are you doing?", spesielt når eg tok tilbake eit ark som eg ikkje skulle ta. Gjennom å ta eit tog, fra den eine plassen til den andre, hadde eg kome til rett plass, før ei kvinna frå Japan begynte å prate livleg med meg, ho skulle til Florida, og ønskte meg lykke til.









Eg møtte seinare ein sjef av ein politimann som eg fekk lov til å ta bilde av :D "You're welcome, you're welcome!".













Typisk var det, eg såg ein Starbucks, men hadde gløymt PINKODEN MIN... No har eg fått hjelp av mamma, og kan den for resten av livet ;)





















4 kommentarer:

  1. Haha, nyte deg, kjære Nag! :-) HF!

    SvarSlett
  2. Hahaha, eg og nyte deg! Heilt fantastisk skreve! :D

    SvarSlett
  3. ska sei du oppleve litt av kvert! Du e flink t å skriva! :)

    SvarSlett
  4. Lure på ka du gjorde resten av turen når skjermen hang - maste itte coke? Kor mange boksar brus fekk du :)

    SvarSlett

Sleng ein kommentar inn om du vil, det er berre koseleg! ;)