søndag 21. august 2011

Landet med det rare i!

Etter å ha hatt eit frukostløp kl 06 om morgonen (laurdag), med frukost etterpå, bar det opp til Flagstaff, det næraste eg kjem Noreg sitt vær, for å laste av alle tinga til min søster. Det som er morosamt på bilturar her, er at ein amerikanar kan finne på å laste det rareste av alle ting bakpå bilen sin, noko smart, men også noko som er så dumt at det ikkje kan beskrivast, berre sjå på denne hunden her, kjempeblid bakpå i 120 km/t i steikande sol...

Så langt, har det meste vore fett (ikkje som fett, som i ein amerikanar, men fett, som i kult)! Ein brus på ein liter koster rundt 5-6 kroner, uungåeleg å kjøpe. Ellers så hadde eg tidenes payback (tilbake tull) på min broder, sidan han tok eit bilete mens eg sov. På Peter Piper Pizza "Paybacktime" (bokstavrim) tok eg den klassiske "dra ned shortsen", dessverre i dette tilfellet, for han, kom underbuksa med, og han blei ståande i blanke messingen...

Ellers er det veldig mykje ørken i området, slik som dette bilete til venstre tilviser.





Dagens rosabloggstoff! USA står ikkje i ro på ein søndag, som resulterte i ein finfin shopping (kledekjøp) på heile 100,81$ (woops)!


I Flagstaff sov me på ein militærcamp, sidan mor mi er medlem i det Amerikanske Luftsforsvaret(!!!!!!), og på kvelden var det av alle saker og ting ein konsert med verdskjende Steve Martin (komikar, blandt anna kjend frå Pink Panter (Rosa Panter)), som spelte på banjoane sine (ein om gangen) og laga "lått og løye" for høglydte landsmenn!

Søndag, lekser må gjerast, og eg må ta opp att ein test i morgon (sjølv om eg bestod), for eg vil ha betre score (resultat, grad, karakter)! ;)






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Sleng ein kommentar inn om du vil, det er berre koseleg! ;)