Ein dag av med blogging må jo berre bety ein ting! Eg har vert på eit skikkelig High School party! Det var ein 16-årsdag, med rundt 50 personar, med svømmebasseng og stort hus og bading! Her i USA er det heldigvis ikkje pølseparty, for det var ikkje så mange gutar der. Sjølvsagt i det eg skulle hoppe uti, skulle 8 jenter hilsa på meg, men eg burde kanskje ha fortsatt å snakka med dei istadenfor å hoppa uti, men det får me ta ein anna gong ;) Resten av natta var me ein god gjeng hos ein kompis, og sovna der!
Oi, nedanfor vil du sjå ein valdtekt av norsk kultur og mat, eg berre seier det!!!
Eg var i Flagstaff, kor søstera mi skal gå på college, og etter å ha fullført mine 2 første miles (rundt 3,2 km) måtte eg laga frukost, som eg hadde bringt med frå Noreg, nemleg va

ffler! Desse vafflene blei brukbare (lol, dei var heilt kvite!), men før eg hadde fått tid til å seia noko, hadde dei teke sirup på! Ikkje nok med det, denne familien er ein skikkeleg peanuttsmørfamilie, og derfor tok Ben først på litt peanuttsmør, men sjølvsagt skulle han ha sirup ovanfor det igjen! Ja, kjære landsmenn (nei, det er du ikkje, blablabla), eg kunne dessverre ikkje gjera noko med dette, som sagt, dessverre!
(Så må det jo og seiast at eg prøvde det sjølv, eg er tross alt i Amerika!)
Ellers så er dette ein godterifamilie, så det er berre å gå i skapet om eg vil ha litt godteri, og alle kompisar som fortsatt trur eg er dårleg i CoD, feil, eg er blitt {=¤Pr0¤=} xD
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Sleng ein kommentar inn om du vil, det er berre koseleg! ;)