onsdag 21. september 2011

Onsdagsløp!



På onsdagar har me alltid sein start på skulen, og alle klassane er rundt 45 minutt. Men i dag hadde eg to prøvar, i Honor Biology og i U.S History, og faktisk så gjekk det ganske greit (ja, eg klare meg faktisk!). Første fjerdedel av skuleåret har eg fått gode karakterar, sittande igjen med berre A'ar og B'ar! Har berre tatt opp att ein test!



Onsdag er det alltid tid for løp. Sidan eg klarte å sovna føre airconditionapparate (ein boks som sende ut kald luft slik at me ikkje skal dø av varme), klarte eg å pådra meg ein forkjølelse, imponerande synest du i denne varmen? Men det var faktisk kjølig i San Diego! pesielt klokka 07:00 i sjøen (eg er den som visar musklar i midten der, som du sikkert klarte å finna ut av sjølv!)! Plussar du på for lite søvn, er formelen komplett (har matteprøve i morgon!). Derfor hadde det seg at eg måtte ta det roleg dette løpet, og springa i min eigen komfortable sone (fordi Coach Giddings (ein smart trenar) sa det), noko som resulterte i mykje tullprat frå meg til dei andre løyparane som faktisk sleit med å springa i min komfortable sone, stakkars dei! Då det var att 1,1 miles, bestemte eg meg for å akslerera, noko som gjorde at eg kneip 18 plasseringar dei siste 1,1 miles (var på tjuesjunde plass før eg akslererte som ein Ferrari og ein Lamborghini og att på til ein Ford Mustang til saman) og endte på niande plass.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Sleng ein kommentar inn om du vil, det er berre koseleg! ;)