søndag 4. september 2011

Tempe!


Etter å ha stått opp kl 4:30 var det av stad til Tempse, 40 minutt frå Greenway High School! Det var eit tøft race, men Kris ville ikkje sleppa taket på folket føre seg, for topp 25 fekk medalje, noko ein competetive (noko foreldra her alltid kallar meg, det betyr lysten på seier, alltid!) nordmann ikkje vil la gå frå seg. Løpet var 3,1 miles denne gongen også, men tida her var meir enn minuttet bedre enn på onsdag, grunna flatare terreng!




På torsdag spurte eg og min vertsbror kvar sin cheerleader (dansedama), ved hjelp av nokre gutar frå Cross Country-laget, til homecoming, kor me begge fekk eit "ja" til svar! Me prøvde i alle fall å vera litt kreative!

1 kommentar:

Sleng ein kommentar inn om du vil, det er berre koseleg! ;)