søndag 25. september 2011

College Football!



Med eit tilskuartal på mellom 5000 til 10000 personar, var det nok lyd i denne innandørshallen, kalla "a dorm". Som alltid varar ein kamp alt for lenge, mellom to til tre timar, noko som gjer at eg ikkje er så alt for glad i denne sporten. Og, som alltid, er det nokre duskedamer som prøvar å distrahera oss frå sjølve kampen. Irriterande altså! På skulen er det tre gutar på krykker, noko som fortel sitt om kor farleg denne sporten er. Forresten så fekk eg sjå min første ankel bli brukke i gymmen! Me spelte flaggfootball i gymmen, kor du har eit flagg rundt magen, og tar nokon flagget ditt medan du har "ballen", må du stoppe. Han her tøffingen av ein bamse skulle vera litt kulare, så han ville springa ned meg og to andre som skjerma "ballen". Det endte opp med at han sklei når han skulle stoppe, tok meg med i fallet (heldigvis slapp han meg nesten med ein gong), og der var ankelen til venstre, resten av fotbladet til høgre! Han nemde nokre stygge ord, og blei liggjande igjen på bakken som ei dø, rødhåra ku! Så teknisk sett er det 4 gutar på krykker no, etter footballspel!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Sleng ein kommentar inn om du vil, det er berre koseleg! ;)