Helga har spasert forbi ganske kjapt, som vanleg. På utvekslingsselskapet laga eg som sagt ris, og den var reven bort ganske så kjapt skal eg seia deg. Til og med dei andre nordmenna, dansken og svensken sa at den var toppers (litt stolt augeblikk!). Det var kjekt å treffe gamle kjente igjen, og dette var faktisk andre helga på rad eg snakka norsk, fjes til fjes! Elles så var det ei jenta frå Tyskland som utruleg nok spurte oss nordmenn om alle er blonde i Noreg... Me svara ja i kor, og ho var rimeleg sjokkert! Då det har seg slik at ein har blitt spurt det spørsmålet så mange gangar, klarar ein til slutt ikkje å svara høfleg tilbake.No har det seg slik at eg har fotballkampar både mandag, tysdag og onsdag, og alle er bortekampar (bilete er frå ein heimekamp kor eg slakta denne spelaren så mange gangar at han til slutt skubba hovudet mitt ned mot bakken etter nok ein takling...)! Det vil seia, eg må dra frå skulen klokka 3 for å sjå på JV spela klokka 4 (b-laget), for og så spela sjølv klokka 6. Dette blir travle dagar, med tanke på at eg har finale eksamen (får eg 85% eller meir på den, slepper eg å ta den siste eksamenen)!
Piece out! Tulla, meinte Peace out!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Sleng ein kommentar inn om du vil, det er berre koseleg! ;)