tysdag 6. desember 2011

Fotballkampar!

Denne veka er det fotballkampar kvar einaste dag, visst me vinner i morgon, vel og merka! På mandag vann me 3-2 over ein meksikansk skule. I dag tapte me 3-2 mot ein anna skule, som også hadde minst 17 av 18 meksikanerar på laget. Det var ein hard kamp, kor me rota det til med to sjappe baklengsmål, men me vann andreomgangen 1-0, noko å ta med seg. I tillegg var det to raude kort, ein til den andre kapteinen på laget, og til ein på det andre laget. Det var rett før det blei ein lagslåsskamp, hadde vore heftig å fått med seg! Elles så var den eine spissen veldig irritert på meg og kalla meg "European bitch!" Vel, eg fortsatte å messa med han, og han sa nokre andre ting, men då svarte eg "Bring it on," og gjekk i mot han, men han feiga ut!

Dagane er lange denne veka med kampar som er slutt klokka ti og med skule klokka sju, tre av dagane. Heldigvis er det onsdag i morgon, og eg kan sove inn til 7:30, heldige meg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Sleng ein kommentar inn om du vil, det er berre koseleg! ;)