Denne jula har vore ein heil spesiell jul for meg. Tenk, første jul utan mamma og pappa og resten av familien til stades! Men, eg har feira jul med ein familie eg møtte for fyrste gong 10. august!
SPRØTT! Ein anna spesiell ting er at eg ikkje har hatt på meg dressen ein einaste gong! Hadde på meg skjorta to av dagane, og følte meg spesiell sidan dei andre berre hadde på seg daglegdagse klede. Noko anna er også det at ein ikkje feirar første og andre og tredje juledag slik eg er vane med.
Vertsfamilien eg bor hos spurte meg sjølvsagt om kva juletradisjonar eg er vane med i jula, og

eg fekk derfor oppgåva om å lage graut den 24. desember. Medan eg lagte grauten, "skypa" eg med familien heime som sang fine julesangar til meg. Det var ein kjekk opplevelse! Ein vennefamilie har svenske aner, så dei laga eit rosinbrød til meg som lukta og smaka som det sjåast og bør!
Sidan den eine systera til vertsmora mi er noko som liknar på ein vegetarianar (liknar, fordi ho ikkje kan ha noko som helst frå dyr), så lagte eg ein porsjon graut med soyamelk. Den blei nokså lik, berre litt gulare og søtare i smaken!

Natt til 25. desember sov me i stua for å vente på julenissen. Det er ein tradisjon familien her har. Jommen meg kom nissen, og eg fekk mange kjekke gaver, også frå Noreg!
Ei har eg heller ikkje vore i kyrkja denne jula, så julestemning har det heller vore lite av!
Håpar alle har hatt ei fin julehøgtid, og insett fakta at ein har alt for mange saker og ting å vera takknemlege for!
Det var nå et fint juletre dere har! Blir spennande å se korleis du skal feire nyttår!
SvarSlettSigrid