tysdag 9. august 2011

Ventetid




Ventetid består av så mangt på Gardemoen flyplass! Av totalt 14 timars ventetid til neste fly, har eg no berre 7 timar igjen... SICK! Tida har gått for min del fort. Eg har sett eit stort utvalg av forskjellige folk, eg nemnar i fleng; Nordmenn, tyske turistar, eit opprop på fransk, kor eg klarte å høyra ordet "oui" meir enn 20 gongar, ein 2 meter høg asiater (truleg frå Japan), to eldre herrar med langt kvitt hår som hadde like langt skjegg, mange sovande menneskjer, folk med stor mage (av ulike grunnar), små folk (minst ein dverg), folk med forskjellig hudfarge, glade folk, ein gråtande baby, ei kjekk dama som skal til Bergen som eg er blitt venn med, såkalla normale folk, og ikkje minst, nokre kjekke infodamer, som gir meg nytt internettkort kvar time, og som let meg gå inn på forbudt område, kjempekoseleg start på turen, og det er sjølvsagt folk som sit og ler litt av andre folk, sånn som meg og han eine tyskaren!

Eg legg ved eit bilete med rånaren som vaskar gulva her... MANGE nestenkollisjonar er kvardagen hans har eg funne ut, etter å ha ledd litt (kniz)!



Har også sett ein gut (som eg trur er fransk) som brukte bagasjetralla som sparkesykkel, det resulterte i ein velt i ein sving, og all bagasjen datt av, morosamt for meg :D



1 kommentar:

  1. Han er ikkje lika flink til å råna som meg med andre ord! :D

    SvarSlett

Sleng ein kommentar inn om du vil, det er berre koseleg! ;)