fredag 2. september 2011

Ein overskya dag...

Hahahaha, dykk trudde dette ville bli eit negativtlada innlegg, berre på grunn av overskrifta, men den gang ei, det er berre slik været er denne fredagen!

Onsdagen viste det seg at eg måtte skulka (egentleg så var eg unskulda med resten av laget, men det høyrest meir badass (ein som prøver å vera kul) ut) dei to siste timane. Bussen opp til Prescott tok heile to timar. Når me endeleg kom fram, var det to timar til løpet skulle starte. I min klasse var det rundt 50 andre gutar. Smart som eg er/var, opna eg med å springa rett fram og i tet dei fyrste 300 meterane, for å hjelpa kapteinen min, som var ved sida av. Etter ein alt for hard opning, fall eg ned til gruppa mi på 4 frå Greenway (5 med den irriterande fyren frå Prescott som alltid tok oss igjen i nedoverbakkane!), som med sprang i ein runde, før meksikanaren vår trakka over, og med var 3 att (4 med den lille tullebukken frå Prescott) i gruppa vår. Eg klarte å fullføra løpet på 3,1 miles (1 mile er 1.6 km) med tida 19:38 min:sek. Det holdt til ein sjuandeplass, plassen forann vertsbror min, men det var berre fordi han sa at han ikkje hadde meir energi igjen og sa at eg måtte prøva meg på minien frå Prescott som tok meg med 2 sek. Heimreisa tok minst 3 timar, grunna med stoppa på ein Peter Piper Pizza (stor pizzarestaurant kjede), som ikkje berre har pizza, men ein slags gamblingplass kor du kan vinne "kule" premiar! Rota sikkert vekk $10 der...



Torsdagen sprang med stafett i ein time på stadionen. Mitt lag på 5 mann, klarte småfine 55 rundar, kor me veksla kvar runde! Ved hjelp av denne såkalla Jog-A-Thon, samla med inn pengar til gruppa vår. Eg samla nok sponsorar til å samle inn $85, greit nok.


Denne fredagen har det vore mykje som har skjedd! Eg har hatt prøve i både engelsk og Honor Biology (klasse for smarte folk). Heile Cross Country laget blei presentert framfor heile skulen (1600 elevar) i dag, og alle hadde med å stilla i finklær. Kven var det som fekk mest jubel? Det var Kris Nag! :D



Synest dette innlegget vart så langt, så eg vel å fortelja dykk om ein Homecoming (ta ei dame ut på date)-ting i morgon. Det vert ein saftig karamell (i positiv forstand)! Og ja, capsen har grodd inn i hovudet mitt (rettare sagt, tom for Renati wax...)! I tillegg har eg eit nytt løp i morgon, så eg får sove til 4:30, før eg må stå opp!



1 kommentar:

Sleng ein kommentar inn om du vil, det er berre koseleg! ;)