onsdag 30. november 2011

Første fotballkamp!

Tysdag hadde med ein fotballkamp kor dommaren viste seg å vera tidenes verste dommar (då snakke eg om ein dommar verre enn Eddie med haugesundsdialekt!). Han delte ut gule kort i "hytt og pine", for alle mulige rare årsaker (eg klarte utrulig nok og ikkje pådra meg kort, sidan eg stoppa å snakka til dommaren etter dei første minutta). Om du får eit gult kort i High School-fotball, så må du bli bytta ut, men du kan bli bytta inn etter neste dødball. Omgangane er 2x40, kor me spelar nøyaktig til 40 minutt og kampen er over. Dommaren stoppar tida nokre gongar i løpet av kampen. Den svarte spissen me har, som er sterkare og raskare enn ei løva og ein leopard til saman, fekk raudt kort etter 20 minuttar, og me som var i ledelsen 2-0 allereie då (eit mål av beistet)! Han hadde eit gult kort frå før av, og når ein gut på det andre laget pirka borti han, sa han at neste så tar på han ville han slå til. Han påstod at han fekk ein albue i hovudet, så han snudde seg raskt og slo til spelaren rett i brystkassa og fekk direkte raudt kort. Motspelaren blei liggjande nede nokre minutt før han var oppe på beina att. Heile episoden fekk skulen sitt filmteam på tape, og ein kunne høyra slaget! Me ridde seieren i land med ein 3-2 siger til slutt, kor eg spelte midtstoppar heile kampen.

Me har "skule-TV" kvar dag i byrjinga av tredje time, kor me blir fortalt idrettsprestasjonar (som dei kanskje har filma), om det er nokre viktige møter eller noko anna som har skjedd.

Sidan Cross Country var over, så hadde med ein såkalla bankett kor me samla laget og åt god mat i tillegg kor me fekk sjå hovudpunkter frå sesongen. Eit springekapittel er avslutta, og eg fekk nokre papir på kva eg har gjort, blant anna blei eg den beste løyparen blant dei 9 skulane me har i distriktet, sidan meksikaneren på laget blei den mest verdifulle løyparen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Sleng ein kommentar inn om du vil, det er berre koseleg! ;)