Eg blei invitert på hyttetur med familien Rader

til Payson, ein liten småby to timar nord for Phoenix. Herr og fru Anderson var også med, saman med Logan og den brasilianske- og den italienske utvekslingsstudenten. Temperaturen i Payson var passe kald, men ein klarte seg godt om ein berre hadde ei jakke på seg. Me tok også ein liten spasertur, kor t-skjorte var nok å ha på seg (saman med bukse, sokkar, undebukser og sko, viss du lurte).

Elles fekk eg smake på både italiensk middag, brasiliansk middag. Sjølv stilte eg opp med smelta kokesjokolade inni bananer, noko spesielt norsk, nei... Kynisk? Ja! Litt dårlig gjort og ikkje stilla opp med noko særeget norsk, men me var der berre fredag, laurdag og søndag morgon, så kan ein ikkje ha middag meir enn to gongar.
Den

brasilianske retten bestod av bønner, ris, kjøtt (med løk ved sida av) og salat. Absolutt noko å anbefala!
Den italienske retten var det forrett med sprøstekt fransk loff med småhakka tomatbitar og persille oppå. Så var det risotto, laga av kvitvin, bønner og ris, og til slutt var det kyllin

g. Det smakte!
Alt i alt ein veldig vellykka tur, her er eit bilete av alle, untatt herr og fru Anderson.

Ser ut som du har hatt ei veldig kjekk helg! :)
SvarSlett