Thanksgiving var på torsdag, noko som var ein kjekk dag å ta del i, men eg byrjar med fotballkampane me spilte tidlegare i veka...
Laget mitt viste seg å vera heilt OK, me vann 6-1 mot den eine skulen, kor trenaren sjølvsagt kalla baklengsmålet våras for Kris (wonder why!?). Den andre kampen kjempa me oss til ein 0-0. Det var ein kamp mot ein skule som har dobbelt så mange elevar som oss, så det var ganske imponerande. Eg er for tida blitt midtstoppar, saman med han andre på laget som spelar fotball til vanleg, for trenaren likar å ha det sikkert i forsvaret. Eg spelar på lag med ein haug med folk som ikkje har peiling på kva dei gjere på ein fotballbane, så det er forståeleg nok!
Thanksgiving start

a med at mange kom til huset våras. Paiane kom strømmande inn på rekkje og rad, og ein kunne kjenne lukta av

kalkun. Det var mat kor enn ein snudde seg på kjøkkenet. Eg kan ta feil (mamma), men eg trur dette er første gangen eg har ete kalkun, noko som viste seg å ha veldig tørt kjøtt, men det var sjølvsagt vekke fortare enn ein kan sjå (teknisk sett er jo det umogleg...). Elles

var søte (orange) poteter i form ikkje noko særleg å ete heller, men eg åt, og sjølvsagt svarte på mange typiske noregspørsmål (er alle blonde i Noreg, har dykk Thanksgiving i Noreg, kva for nokre heilagdagar har ein i Noreg, etc.). Alt i alt, eg synest det var kult å ha ein skikkeleg Thanksgiving, men den maten var eg ikkje så vane med (og nei, eg er ikkje ei pingla, og ja, eg ete alt sjølv om eg ikkje likar det)!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Sleng ein kommentar inn om du vil, det er berre koseleg! ;)