På fotballkampen i helga kom eg sjølvsagt i
trøbbel med nokre vaktar. Fjamsen som eg er, gjekk eg sjølvsagt rundt på andre områder på tribunen kor eg ikkje hadde sitjeplass, noko som gav meg litt trøbbel til slutt, men eg kom meg ut or det. Eg gjekk ned på tribunen, slik at eg kunne ta skikkelige nære bildete av benken til Sverige, men når det var gjort, og eg skulle gå tilbake att til "plassen min", kor eg sat med nokre venar, så sto det ein stor vakt som så absolutt ville at eg skulle visa fram billetten min. Den var sjølvsagt i fotoveska mi, noko som igjen var med venene mine som satt fint på plassen. Eg konkluderte til vakten at eg måtte få tak i fotoveska mi, så han gav meg ein lavare gradert vakt, så eg fekk ein liten eskorte til plassen min. Deretter ville eg bli på den plassen, så eg sa at eg ville ta nokre bilete og stå der litt lengre. Då sa den lavare graderte vakten at eg måtte spørre vakten ved sida av som var ein skikkeleg vakt. Han såg på kameraet mitt, og så sa han ja, men vær rask. Eg tok meg no 45 minuttar før eg gjekk...

I morgon skal me spille ein treningskamp mot hatskulen våras, samtidig som eg må øva til tre prøvar, så blir ein hektisk dag, men på torsdag er det Thanksgiving!
hehehe! Eg kose meg å ler når eg lese bloggen din! Lykke til me forskjellige typar vakta uansett grad i framtio! :-D
SvarSlett