søndag 18. desember 2011

Outfit og juleshopping!

Denne søndagen var det tid for shopping. Butikkane er ikkje stengte pga. søndag i Amerika. På kjøpesenteret var det som vanleg stappa med folk. Me klarte heldigvis å skaffa oss ein parkeringsplass ganske så kjapt og gjekk inn på kjøpesenteret. Det var juleshopping for dei fleste der, inkludert meg sjølv. Sidan eg først var på shopping så tenkte eg at det var på sin plass at eg kjøpte noko til meg sjølv også, for eg har ikkje kjøpt så veldig masse klær her. Det resulterte i ein herlig og god bomullsgenser og eit sett øyeproppar til den komande iPoden eg tenkjer å kjøpa meg. Tenkjer det blir kjekkare med den enn med ein iPad.

Vel, no er det utruleg nok berre nokon få dagar igjen til julafta, det kjem til å bli spennande!

1 kommentar:

Sleng ein kommentar inn om du vil, det er berre koseleg! ;)