søndag 18. desember 2011

Potetlefser/potetkaker!?

Heisann! No har det seg slik at vertsfaren min er assisterande rektor på to skular. På grunn av dette, er han sjølvsagt i kontakt med mange lærarar. Den eine læraren på den eine skulen er vist gift med ein nordmann, noko i den duren, og deiras norske juletradisjon er å bake desse potetlefsene/potetkakene. Sidan vertsfaren min sjølvsagt nemnte meg i den slengen, så baka ho nokon til meg også, og sjølvsagt smakte det! I tillegg har mamma sendt nokon andre norske julekaker som var perfekt i smak, namnam i USA!

Så var spørsmålet, potetkaker eller potetlefser...? (Sjølv om det står lefser på biletet, så er det ikkje lefser, det er enten potetkaker eller potetlefser, om det er ein forskjell...)

1 kommentar:

  1. vel, her i huset (ja, eg e komt meg hjem) bakes det kun potetkaker :) men i følge mor, ikkje meg, så finst det visst også såkalt potetlefser. og du ska visst lika begge deler! ;)

    SvarSlett

Sleng ein kommentar inn om du vil, det er berre koseleg! ;)