tysdag 11. oktober 2011
11. oktober!
Dette var dagen Kris hadde bursdag, litt uvanleg, sidan det var hans første bursdag vekke i frå mor og far sine trygge omgivelsar. Kris våkna opp med eit brak kl 06:00 denne dagen, for han måtte på skulen kl 07:00... Etter ein ganske lettvint skuledag, med ikkje alt for store utfordringar og mange gratulasjonar, hadde den nye 17-åringen trening, han måtte springe heile 5 kilometer i 35 grader. Dette syntest Kris var i drygeste laget på ein bursdag å gjera, men han gjorde det likevell, for på den pågåande dagen skal han ha eit løp. På kveldinga fekk han ein bestilt middag frå vertsfaren. Dette var ei pastagryte med kylling, reker, brokkoli, ein god saus og gulrøter i. Kris fekk ein football drakt,
Cardinals, som er laget her i byen og staten frå vertsfamilien. Elles pakka han opp nokre gåver frå Noreg og leste nokre gratulasjonskort og nokre gratulasjonar på nettstaden Facebook. Elles så har Kris 190 sider att i ei bok han helst bør fullføra før torsdag, så han sette seg til å lese medan han åt nokre ruter av norske Freia Melkesjokolade! Han ser veldig fram til høstferie, men først er det testar kvar einaste skuledag fram til høstferien, og kanskje 3 testar på fredagen, så Kris har aldri tid til å slå seg til ro og slappe av... men kanskje får tid til det i høstferien? Ikkje den siste helga i alle fall, for då tek han bilsertifikatet!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Kjekt å lesa om bursadagen din! :)) E d vertsfaren din som lage mat?
SvarSlettLykke t me testane/prøvane før ferien! Så må du ha god ferie når den komme! :))
Har du funne noe svar på spørsmålet me sendte deg? Sitte å vente i spenning på svar! :))