
Fredagens løp enda eg på 22. plass med tida 16.54! Første mile gjekk i forykande tempo med tida 5.07, som gjorde at eg saug resten av løpet. Topp 20 fekk medalje, så var rimeleg irritert etter løpet, men sidan eg ikkje hadde klart å restutiera meg godt nok frå tirsdagen, var det berre ein ting eg måtte leva med. Skal ikkje seia at denne gode saken av ein sandwich ikkje hadde litt skuld i det, for eg var passe kvalmen sidan eg åt heile før løpet, og ja, den var så fortreffeleg god at eg var nøydd til å SPISA (til deg Ragnar og Øyvind og alle andre etarar) opp heile! Den var forresten frå Ballodelli (ja, me pratar om italiensk mat her). Helga gjekk ellers med til kykjegåing, ein enkel seier over vertsbroren i CoD sidan me hadde to meksikanerar over for natta (kor eg fekk den beste gameren på mitt lag, men eg gjorde all jobben, sjølvsagt). Helga ryker fort, fekk til og med ein fantastisk opplevelse når me prøvde oss på ein "Drive thru" (kjør igjennom) på McDonald's etter løpet på fredag, noko som resulterte i at Coach ville snakka med manageren, han var tydeligvis provosert over dama som tok imot bestillingen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Sleng ein kommentar inn om du vil, det er berre koseleg! ;)