søndag 16. oktober 2011

Deilig helg!

Høstferien har begynt, og eg har tatt meg tid til å slappe av! Aktivitetar eg har gjort i dag har vore kyrkjegåing, tennis, og sett ein film!

Tennis var verkeleg kjekt å spilla igjen, noko eg ikkje har spelt på aldri så lenge... Trur dette blir sporten eg vil spilla når våren komme opp! Ellers så var det ein ufatteleg skummel film eg såg (ja, var skummel når eg berre er vane med å sjå komediar) som hette "Disturbia". I begynnelsen så føles det ut som ein komedie kor guten som er hovudpersonen kosar seg (ei fin dame flyttar inn som nabo), men derifrå er det berre skit, sidan han finn ut at naboen er ein seriemordar... dudududu! Ville sjølvsagt anbefalt folk å sjå den, men personleg er ikkje skumle filmar noko for meg!

Vel, høstferien har såvidt begynt, tid for å få seg litt søvn!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Sleng ein kommentar inn om du vil, det er berre koseleg! ;)