søndag 23. oktober 2011

Tilbake til kvardagen!


Det er søndag kveld, ei god veka med påfull av energi har gått forbi. Laurdagen bar det ut på ein tur med laget klokka halv ni. Deretter var det for det meste berre sløving resten av laurdagen, men eg klarte i det minste å fullføra ein kube eg måtte laga i løpet av haustferien i Honor Biology med fakta om biologikaren James Watson på kvar side.

Endeleg har eg klart å skaffa meg førarkortet. Dette er midlertidleg i seks månedar før eg får skifta det inn i eit skikkeleg førarkort. Får verkeleg håpe at planen min går i boks, det vil seia at eg veksle det inn på bursdagen min i Noreg når eg fyller atten år og får då norsk sertifikat og slepp då å ta noko som helst oppkjøring eller noko anna i Noreg. Tok ein liten Frappuccino medan kurset pågjekk. Ved sida av meg satt denne gingeren (raudhåra) av ein gangster (ein som er "veldig kul") som var tatt for å røykje marihuana når han var femten år og fekk då utsatt lappen til han var atten år, altså no. Denne lærarinna eller undervisaren var ei kvinne som misliker katter og er veldig for at alle skal klare å bestå denne teoriprøven. Ho fekk det som ho ville. Medan undervisninga gjekk føre seg, sa ho alle svara klart og tydeleg, og alle måtte svare på det samme spørsmålet i kor, minst tre gongar. Ikkje nok med det, om du klarte å få meir enn fem feil på dei tjuefem spørsmåla, så fekk du vite kva spørsmål du hadde feil på, satt deg ned igjen og viska vekk galt svar og satte inn eit nytt svar. Skal godt gjerast å feila på denne testen, i alle fall når ein kan gå tilbake på plassen og rette svara sine og levera inn på nytt igjen. Overraskande nok så klarte alle i mi gruppa å bestå. Kan til og med ikkje huska at dama retta mine svar, men det får no så vera, for prøvetida på lappen har eg no nå fått utdelt!



Elles så var eg på ein liten shoppingtur i løpet av haustferien kor eg kjøpte ein ny caps (lua med solfangar), eit belte og ei t-skjorta.


Peace out!

1 kommentar:

Sleng ein kommentar inn om du vil, det er berre koseleg! ;)