søndag 4. desember 2011

2. søndag i advent kom brått på!

Tenk, allereie er det berre nokre timar til 5. desember. Tida går som det susar etter, og jula er nær. I USA er det normalt å sette opp juletreet og julepynt dagen etter Thanksgiving. Veldig spesielt for ein nordmann som er vane med å få det opp litle julafta! Til og med her i Phoenix byrjar det å bli kaldt. Natt til torsdag meldes det om at det skal bli nære null om natta. På laurdag så var eg no fortsatt ute i shorts og t-skjorta, så det er ikkje så kaldt midt på dagen!


På laurdag var eg på ein liten samankomst med andre utvekslingsstudentar, noko som var veldig artig. Traff blandt anna ei tromsøværing, ja, her i Phoenix. Elles var det folk frå Argentina, Belgia, Frankrike, Sveits og Danmark i tillegg til nokre andre land også! Her bringte folk med seg mat frå landet sitt. Nordmannen som hadde hushaldet, hadde laga risengrynsgraut og vafler! Eg tok meg i alle fall ein STOR porsjon med det, i tillegg som eg fekk konstatera at eg ikkje like så alt for godt japansk mat (snakke om ei risenbolla med ei skikkeleg sur (men lita) plumme inni. Huff av meg!), men det får no berre vera på den måten.

Elles har eg fotballcup på mandag, tirsdag og onsdag med kamp kl 8 begge kveldane, noko som skal bli kjekt! Eg storkosar meg!!

PS! Prøvde å laga litt julestemning på bloggen, kva tenkjer dykk om det?

2 kommentarer:

  1. Likar det! Artig å få smakebitar av amerikansk jul: )

    SvarSlett
  2. Blei veldi bra lillebror! kjekt med litt endring nå i advent/juletida! :) Kjekt du storkose deg!! :) Lagt meg t på skype?

    SvarSlett

Sleng ein kommentar inn om du vil, det er berre koseleg! ;)