søndag 30. oktober 2011

Fredag, laurdag og søndag!

Minus søndag, har ikkje hatt søndag enda.



På fredag var det ein normal fredag, med ein relativ enkel mattetest, og påfylgjande kveld med amerikansk fotballkamp. Dette var heldigvis siste amerikanske fotballkampen på skulen for dette året, for laget klarte ikkje å kvalifisera seg til "playoff" (ein turnering kor du er ute av turneringa viss ein tapar ein kamp, og vinnaren som står att etter mange utslagningskampar blir statmester).


Laurdagen var det tid for kvalifisering til stat. Sjølv følte eg at eg var kvikk og klar, sulten på ein ny medalje. Det var 104 andre løparar i feltet, kor eg var i tet dei første 100 meterane, just for fun (berre for moroskuld). Etter den forykande starten fylgte det sjølvsagt med at nokre personar passerte meg. Eg låg fint i feltet, svinga kraftig frå 12. plass til 6. plass. Etter ein sluttspurt det lukta svidd av, kom eg meg inn på ein snasen 7. plass og ein ny medalje var på plass! Laget mitt derimot, tok ein lekker seier, og me tok med oss troféet heim.


Later!

1 kommentar:

  1. tror du må kjøpa egen koffert t alle dessa medaljane du sanke inn ;) Må jo få dei me deg hjem :P hehe, ka skjedde søndag? Ha ein god uka lillebror!

    SvarSlett

Sleng ein kommentar inn om du vil, det er berre koseleg! ;)